
Har du tips til betre bussrute?
Øygarden kommune skal om kort tid ha møte med Skyss knytt til dei årlege ruteendringane. No ber vi deg om tips som kan gje endå betre rutetilbod. Skyss disponerer ein mindre sum belønningsmidlar som kan brukast til mindre endringar og/eller styrking av eksisterande ruter. Frist for å koma med tips/innspel er 20. januar.
Les meir.
Spennande tider for Sotrasambandet
Frå slutten av januar vil leia under brua mellom fastlandet og Øygarden verta stengd for skipstrafikk i nokre periodar. Grunnen til dette er kabelarbeid på den nye hovudbrua. Også omleggingar ved Storavatnet vil publikum leggja merke til.
Les meir.
Ny rekord for influensavaksinasjon
Så langt har vel 72 prosent av aldersgruppa på 65 år og eldre teke influensavaksine denne sesongen. Tidlegare har rundt 67 prosent i denne aldersgruppe teke denne vaksinen.
- Dette er svært gledeleg. Det er sannsynleg at målet om 75 prosent dekning vert nådd, seier smittevernoverlege og assisterande kommuneoverlege Bjørg Møllerløkken.
Les meir.
Kva skjedde i Øygarden i 2025?
Også i 2025 skjedde det mykje i Øygarden. Nedanfor kan du lesa om litt av det som skjedde i fjor. Som året før, kom det kraftig snøfall dei første dagane i januar. Dette førte mellom anna til utfordringar for heimetenesta.
Les meir.
Nytt røykjeforbod på leikeplassar og idrettsområde
Frå 1. januar vart det forbode å røykja på leikeplassar og utandørs idrettsområde. Røykeforbodet gjeld på leikeplassar der allmenta har tilgang og gjeld både tobakksvarer og e-sigarettar/vape. Med leikeplass meiner ein eit område, opparbeidd eller naturleg, som er tilgjengeleg og tilrettelagt for leik for barn.
Søk om kommunale stipend
Du kan søkja om idrettsstipend eller kulturstipend. Innanfor ordninga kan det bli delt ut både større stipend, på opptil 150 000 kroner, og mindre stipend på mellom 10 000 og 50 000 kroner. Merk ny søknadsfrist: 15. januar.
Les meir.
Klima- og energiomstilling - korleis ligg næringslivet an?
Øygarden kommune er i gang med å utarbeida Strategiplan for klima og energi. Planen ser på korleis vi kan redusera klimafotavtrykket vårt, endra energibruken og bli flinkare til å bruka ressursane om igjen.
Les meir.
Isen er trygg i Sartorlunden
No kan du ta deg trygt ut i det vesle vatnet i Sartorlunden på Straume.
- No er isen om lag 20 centimeter og dermed er det trygt, seier Lars Fjærtoft i byggforvaltning.
Les meir.
Ordførar tom Georg Indrevik denne veka (02)
- 05.01.: Interne møte
Møte i kommunalutvalet i Høgre, Oslo - 06.01.: Oslo, møte i Norske petroleumskommunar og NHO Vest i Øst
- 07.01.: Strategimøte Naturressurskommunane
- 08.01.: Møte med Acos
Svein Lie 80 år - 09.01.: Vestland fylkeskommune, Nyttårsmøte
Gruppesamling Øygarden Høgre - 10.01.: Gruppesamling Øygarden Høgre
- 11.01.: Nyttårskonsert
Ordføraren neste veke (03)
- 12.01.: Interne møte
Besøk Straume Bu- og servicesenter
Gruppemøte - 13.01.: Bergenskonferansen
Formannskapet
Besøk Utdanningsmesse - 14.01.: Interne møte
Synfaring Bjorøyna - 15.01.: Ordførarmøte Florø
- 16.01.: KS Hovudstyre i Oslo
- 17.01.: Gudstjeneste Foldnes kirke