Spennande tider for Sotrasambandet

Frå slutten av januar vil leia under brua mellom fastlandet og Øygarden verta stengd for skipstrafikk i nokre periodar. Grunnen til dette er kabelarbeid på den nye hovudbrua. I tida som kjem vil publikum også merka omleggingar ved Storavatnet. 

Brutårn. - Klikk for stort bileteI 2025 vart arbeidet med brutårna sluttført.

Dette skriv Sotra Link på nettsida.

Det har gått to år og ni månadar sidan det første offisielle spadetaket på Kolltveit i mars 2023. Så langt er det lagt ned 3,6 millionar arbeidstimar i prosjektet, og på det meste har 1 250 personar vore i sving ute på anleggsområda. Talet på salvar som har gått av, nærmar seg seks tusen. 

I løpet av 2025 var brutårna ferdige. Tårna er 145 meter høve. Det har gått over sju tusen kubikkmeter med betong til dette arbeidet.

Omleggingar på Storavatnet

Ny gang- og sykkelbru, rampesystem og nye vegbruer over eksisterande vegnett ved Storavatnet må på plass før den nye vegen kan opna. Sotra Link opplyser at ein kjem ikkje utanom at trafikken vert påverka når ny veg skal byggjast parallelt med eksisterande veg.

Sprengingsarbeid langs Bildøybakken

I januar er det oppstart av arbeidet med ny gang- og sykkelvei langs Bildøybakken. Dette ein strekning på 1 200 meter.

I veke to er det førebuande arbeid, medan sprengingsarbeidet vil går føre seg i veke tre. Arbeidstida er måndag mellom klokka 0700 og 19.00.  Vegen kan verta mellombels stengd i korte periodar i samband med sprenging.

Les meir på nettsida til Sotra link.

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Sotra Link