Ny rekord for influensavaksinasjon

Så langt har vel 72 prosent av aldersgruppa på 65 år og eldre teke influensavaksine denne sesongen. Tidlegare har rundt 67 prosent i denne aldersgruppa teke denne vaksinen.
- Dette er svært gledeleg, seier smittevernoverlege og assisterande kommuneoverlege Bjørg Møllerløkken.

Bjørg Møllerløkken - Klikk for stort bileteBjørg Møllerløkken gler seg over at rekordmange har teke vaksine mot influensa. Vigleik Brekke

Kvar haust er målet at 75 prosent av risikogruppa skal ta influensavaksine. Risikogruppa er definert ut frå alder og tilleggsrisiko. I Øygarden kommune er det denne sesongen (2025/2026) så langt sett meir enn 10 400 dosar influensavaksine totalt. Det betyr at om lag kvar fjerde innbyggjar har teke vaksinen.

- Ut frå tidlegare erfaring er det framleis enkelte som kjem til å ta vaksinen framover. Det er dermed sannsynleg at målet på 75 prosent dekning vert nådd. Vi ser også at det for kvart år er ein auke i tal på barn i risikogruppa som tek imot tilbodet om influensavaksinen, noko som også er svært positivt, seier Bjørg Møllerløkken. 

Ho fortel at akkurat no er vi på toppen eller nær toppen av årets smittebølgje med influensa. 

- Det er likevel ikkje for seint å ta vaksinen dersom du ikkje har fått gjort det ennå, understrekar ho.

Tilbod om vaksine mot lungebetennelse

Vaksenvaksinasjonsprogrammet (VVP) var nytt denne hausten. Dette er ei vidareføring av det tidlegare influensa- og koronavaksinasjonsprogrammet. Dette programmet omfattar tre ulike vaksiner; influensa-, korona- og pneumokokk (lungebetennelse)-vaksinen. Det inkluderer også barn i risikogrupper. 

Det er fleire endringar i dette nye programmet samanlikna med vaksinasjonstilbodet tidlegare år. 

- Pneumokokk eller lungebetennelse-vaksinen vert tilbode til svært redusert pris til alle som er fødd i 1960. Denne vaksinen som er tilrådd alle over 65 år, har ein tidlegare måtta ordna sjølv via fastlegen, seier Bjørg Møllerløkken. 

Frå oktober 2026 vil årstrinnet fødd i 1961 få tilbod om vaksine mot lungebetennelse. Personar fødd i 1960 beheld tilbodet sitt vidare. Dei som er fødde før 1960, er ikkje omfatta av programmet og må difor som tidlegare passa på å ta denne vaksinen sjølv hjå fastlegen. 

Vaksinen nytta i programmet er ei vaksine som ein legg til grunn vil gje livslangt vern, og ein treng difor ikkje fylla på kvart sjette år slik det har vore med den vaksinen ein tradisjonelt har nytta mot lungebetennelse. 

Pris

Det er økonomiske fastsette rammer nasjonalt slik at prisen er lik overalt. Dei som valde samvaksinasjon (tok fleire vaksinar samstundes), fekk prisavslag. Det vart sendt påminning til gitte aldersgrupper dersom ein ikkje hadde teke vaksinen innan ein viss dato.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIll.foto Colourbox

Endra tilrådingar

Det var nokre endringar i kven som er tilrådd dei ulike vaksinane. Til dømes er ikkje lenger alle over 65 år tilrådd koronavaksine dersom ein ikkje har andre risikofaktorar i tillegg. Aldersgrensa er endra til 75 år og eldre. Gravide er heller ikkje tilrådd koronavaksinen lengre dersom den gravide ikkje har andre risikofaktorar.
Når det gjeld koronavaksinen, er dekninga lågare enn tidlegare år. Dette gjeld både her i kommunen, men også på landsbasis. 

Gode råd

For tida er det mange infeksjonar som sirkulerer. I tillegg til influensa har vi også mykje av vanleg forkjølingsvirus, og også omgangssjuke (Norovirus). 

- For å halda oss sjølve, og dei vi er glad i mest mogleg friske, er det difor viktig at vi hugsar dei grunnleggjande smittevernråda, seier smittevernoverlege Bjørg Møllerløkken. 

  1.  Vask hender ofte og grundig. For å unngå tørr hud skyll såpa godt av, og bruk fuktighetskrem. 
  2.  Unngå unødvendig nærkontakt med personar som kan verta alvorleg sjuke dersom du sjølv er smitteførande med luftvegssymptom. Din pjusk kan gje andre massiv rusk. 
  3.  Unngå å hosta og nysa direkte på andre.
  4.  Ved omgangssjuke er ein smitteførande inntil 48 timar etter at oppkast/diaré har gitt seg. Handvask med såpe og vatn, god kjøkenhygiene og utsetjing av sosiale planar er tilrådd. For barn og enkelte yrke (helsepersonell, personar som handterer mat) er det eigne tilrådingar knytt til når ein kan venda tilbake til barnehage, småskuletrinn og jobb. Andre kan returnera til skule og jobb når ein føler seg frisk. 
  5.  Følg vaksineråda som gjeld for deg.