Har du tips til betre bussrute?

Øygarden kommune skal om kort tid ha møte med Skyss knytt til dei årlege ruteendringane. No ber vi deg om tips som kan gje endå betre rutetilbod.

Foto av buss på  - Klikk for stort bileteIllf.oto

Skyss disponerer ein mindre sum belønningsmidlar som kan brukast til mindre endringar og/eller styrking av eksisterande ruter. 

Spesialrådgjevar i Øygarden kommune, Råmund Skjold, understrekar at det i denne samanhengen ikkje er snakk om store endringar som nye kostbare ruteopplegg.

- No vil vi gjerne ha tips frå deg som innbyggjar. Kanskje ei mindre endring kan bidra til at kollektivtilbodet i ditt område vert vesentleg betre? Det kan handla om justering av tidspunkt eller ein ekstra avgang på ei eksisterande linje, seier Råmund Skjold.

Frist for å koma med tips/innspel er 20. januar.

Undersøkinga er anonymisert.

Her kan du senda inn tipset ditt


Tekst og foto: Vigleik Brekke