Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt av det som har skjedd i veke 51.

- Den beste dagen på jobb

Den 19. desember fekk medarbeidarane i barnevernet vera med på noko av det kjekkaste dei gjer. Det er å levera ut fleire titals matkassar som Tremorkirken og to andre forsamlingar har laga til. 
- Ikkje minst nye familiar vert overvelda over det dei får, seier kontaktperson i barnevernet, Elisabeth Sørensen.
Les meir.

- Rørande engasjement for Ukraina

På sundag set ein fullasta trailer kursen frå Øygarden mot byen Kherson sør i Ukraina. Traileren er fullasta med utstyr, mat, pakkar og klede. På laurdag fekk ordførar Tom Georg Indrevik orientering om arbeidet til Giving Hands i Øygarden.
Les meir.

Aktiv+: julefeiring fylt med musikk, ro og takksemd

150 spreke seniorar feira den siste tysdagen med god musikk og god stemning i trivelege omgjevnadar i 2. etg på Sartor Bowling. Det var ikkje trening denne dagen, men det var likevel god fart i forsamlinga under loddtrekninga. Styreleiar Eli Bergsvik ønska velkomen og takka alle som møtte opp, for innleverte premiar og for alle som har bidratt til å få i stand juleavslutninga.
Les meir.

Vi treng fleire menn i helse og omsorg

Er du, eller kjenner du ein omsorgsfull mann mellom 19 – 55 år som passar til å jobba i helsesektoren? Regjeringa reknar Menn i helse som ei av dei mest vellukka satsingane på å rekruttera fleire menn til helse- og omsorgstenestene. Menn i helse er for den som har rett på oppfølging og tiltak frå Nav og ønskjer ei ny retning i arbeidslivet.
Les meir.

Søk om kommunale stipend

Du kan søkja om idrettsstipend eller kulturstipend. Innanfor ordninga kan det bli delt ut både større stipend, på opptil 150 000 kroner, og mindre stipend på mellom 10 000 og 50 000 kroner. For å oppnå dei større stipenda må ein kunna visa til resultat på høgt, helst internasjonalt nivå. Søkjarar i aldersgruppa 15-30 år vil bli prioriterte. Merk ny søknadsfrist: 15. januar.
Les meir.