Mange i Tremorkirken var i sving på fredag for å gjera matkassane klareVelsigna jul har vore eit tiltak Tremorkirken har drive i samarbeid med barnevernet sidan 2011. Det starta med fem familiar. I år får 64 familiar mat og pakkar etter at barnevernet har valt ut dei familiane som har særleg behov for noko ekstra til jul.
Dei siste åra har også ImF Straume hjelpt til. I år har også Sund kyrkje bidrege til dette tiltaket. Sigba Eiendom har gitt barneverntenesta 12 gåvekort på fem tusen kroner til familier som strever ekstra.
Stor takksemd
På fredag møtte vi Elisabeth Sørensen og Rachel Suadi i barnevernet som også tidlegare har reist rundt til heimane for å levera matpakkar.
- Dette er den beste dagen på jobb. Vi finn ut kven som har behov for noko ekstra til jul og leverer liste til Tremorkirken. Dei har vore svært flinke til å laga til kassane og å finna passande julegåver. Det er viktig at det som vert levert er tilpassa barna slik at dei opplever at dette også er deira høgtid, seier Elsiabeth.
Også Rachel Suadi opplever det stort å få vera med på dette.
- Det er veldig kjekt å sjå kor glade familiane vert når dei får matkassane. Dei lyser opp og vert overvelda over kor mykje dei får. Nokre kjem hit og hentar matkassar, men vi reiser også rundt og leverer på døra, seier Rachel.
Barnevernet gler seg over at dei kan få delt ut matkassane til dei som har eit ekstra behov. Frå venstre; kontaktperson Rachel Suadi, kontaktperson Elisabeth Sørensen, avdelingsleir Marian Austrheim og medarbeidar på EM-huset Behzad Gharehnia.I Tremorkirken er det Lene Skoge, Camilla Steinmoen og Janne Mari Aase Nilsen som har hatt og har ansvar for å organisera Velsigna jul.
- I går henta vi mat på Kiwi Møvik der vi fekk god hjelp av butikksjef Fillip Krzysztof Ludwiczak. Kiwi donerer også ein del matvarer til kassane våre. Norengros pleier å hjelpa oss med matkassar, fortel Camilla Steinmoen.
30 personar i sving
Den ferske maten vart henta fredag morgon, og frå klokka ni var 30 barn og vaksne i full sving med å fylla matkassane. Det vart også laga til 40 ekstra posar med mat som barnevernet kunne dela ut der behovet var størst. Det er kjøpt mat for om lag 100 tusen kroner. Dette er finansiert med gåver og donasjonar frå frivillige.
I tillegg er det samla gåver til om lag 120 barn i familiane og ungdomar som bur i kollektiv eller åleine.
- Eg synest dette arbeidet er svært meiningsfullt. Både fordi det er ein måte å kunna hjelpa til i praksis. Men det er også fint å sjå korleis det engasjerer og korleis dei frivillige engasjerer seg både med praktisk hjelp og donasjonar. Det flotte samarbeidet med barnevernet er gull verd. Då er vi trygge på at det kjem fram til dei som treng det, seier Camilla Steinmoen.

Også einingsleiar for barneverntenesta i Øygarden, Hege Gundersen, skriv under på at dette er ein av dei beste dagane i tenesta.
- Det er heilt fantastisk å få denne gåva. Det er heilt unikt å oppleva at barn og vaksne i Tremorkirken har brukt mange dagar på å laga matkasser og handla inn gåver. Dei tilsette i barnevernet opplever også svært takksame familiar som mottar desse matkassane og gåvene. Gåvene er kjøpte inn for å koma barna sine ønske i møte, seier Hege Gundersen.
Her er fleire bilete:
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Tremorkirken og Vigleik Brekke