Aktiv+: julefeiring fylt med musikk, ro og takksemd

150 spreke seniorar feira den siste tysdagen med god musikk og god stemning i trivelege omgjevnadar i 2. etasje på Sartor Bowling. Det var ikkje trening denne dagen, men det var likevel god fart i forsamlinga under loddtrekninga.

Frå julefeiringa til Aktiv+ - Klikk for stort bileteFrå julefeiringa til Aktiv+

Styreleiar Eli Bergsvik ønskte velkomen og takka alle som møtte opp for innleverte premiar og for alle som har bidratt til å få i stand juleavslutninga. Styret i Aktiv+ er godt vande med å organisera mange menneske. I tur og orden fekk alle forsyna seg med kringle frå Arbeids- og Aktivitetssenteret på Skogsvåg, og sjølvsagt kaffi og småkaker. Det var ikkje få lodd som vart selde denne dagen, men nestleiar Irene Evensen leia loddtrekning og premieutdeling raskt og effektivt. 

Heidra for lang og trugen frivillig innsats

Triminstruktør og styremedlem Signe Herdis Høyvik hadde velkjent og god fart då ho delte ut premiar saman med andre styremedlemmar. Signe har vore fast frivillig instruktør sidan starten på Aktiv+ i 2014, og vart til applaus heidra med gåve.

Songar ved Vivian Steinsland var eit høgdepunkt - Klikk for stort bileteSongar ved Vivian Steinsland var eit høgdepunkt

Julefreden senka seg

Vivian Steinsland song nydelege julesongar og folkeviser. Ho avslutta med at alle reiste seg og song «Deilig er jorden». Spesielt inntrykk gjorde det då ho song «Juletida» av Johanna Madsi Kleppevik Bakke (som er barnebarnet til Johannes Kleppevik, song finn du på Spotify). Musikkinnslaget med Vivian Steinsland var eit høgdepunkt denne dagen, og julefred og ro seinka seg. No kan trimfolket ta velfortent juleferie til 6. januar.

Takka for godt samarbeid

Fysioterapeutane ved helse, meistring og rehabilitering fekk overlevert ein nydeleg bordoppsats som takk for at dei stiller med fysioterapeut til balansetreninga kvar tysdag, noko dei har gjort fast i 11 år. Einingsleiar og fysioterapeut Liv Møen og fysioterapeut Unn Telle vart veldig glade for blomen, og helsa Aktiv+ og takka for det gode samarbeidet med Aktiv+. Blomen står på lunsjrommet til glede for alle.

Det vart også delt ut blomar og honning til Rolf Øvretveit (Sartor Bowling  As), Benjamin Torsvik (Odeon Sotra kino) og Stian Hartvigsen (teknikar, lyd og lys) for godt samarbeid.

Når alle gjer det dei er gode på – så vert det garantert gode resultat, og samarbeidet vert solid og og langvarig.

Utlodning høyrer med - Klikk for stort bileteUtlodning høyrer med

Frå 8 til 170 deltakarar 

Aktiv+ er ein frivillig organisasjon som har tilbydd trim i Sotra Arena, tur i Straumeparken og foredrag på ODEON Kino Sotra kvar tysdag i 11 år. Oppslutnaden har auka jamleg, også i 2025.

Her er litt statistikk


Oppmøte på føredraga til Senioruniversitetet i Øygarden er ikkje inkludert i tabellen.

Takk for i år, og god jul - vel møtt 6. januar!

Program våren 2026 (PDF, 277 kB)

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete