Det er stort engasjement for hjelpesendingar til Ukraina frå Øygarden.Dette er den fjerde traileren som går til Ukraina dette året. Transportkostnadane pr. trailerlast er 60 tusen kroner.
- Det er rørande å sjå det store engasjementet Giving Hands har vist gjennom mange år for å hjelpa menneske i Ukraina. Det var også interessant å snakka med sjåføren som delte inntrykk om situasjonen i Ukraina og kva desse hjelpesendingane betyr, seier Tom Georg Indrevik.
Leiar i Giving Hands, Unni Instefjord, er overvelda over responsen frå folk.
- Det har vore ein enorm oppslutnad om dette arbeidet. Folk stiller opp og gjev gåver og transportstøtte. Denne gongen kom det inn ekstra pengar då vipps-nummeret vart vist på skjermen under konserten Øyfolkets jul, seier ho.
Ordførar Tom Georg Indrevik fekk ein prat med sjåfør Andriy.Den første tysdagen kvar månad er det innsamling i lokalet på Tjeldstø mellom klokka 11 og 14 og 14 og 19. Tidlegare i år har det gått fullasta trailer frå Øygarden til Ukraina i februar/mars, i sommar og i september, i tillegg til lasta no i desember.
- Vi håpar at traileren kjem fram til Kherson i løpet av fire- fem dagar. No gler eg meg til å halda fram med innsamlinga etter nyttår, seier Unni Instefjord.
Her er fleire bilete:
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat