Vi treng fleire menn i helse og omsorg
Er du, eller kjenner du ein omsorgsfull mann mellom 19 – 55 år som passar til å jobba i helsesektoren? Regjeringa reknar Menn i helse som ei av dei mest vellukka satsingane på å rekruttera fleire menn til helse- og omsorgstenestene.
Menn i helse
Menn i helse er for den som har rett på oppfølging og tiltak frå Nav og ønskjer ei ny retning i arbeidslivet. Over 90 prosent av dei som har tatt fagbrev gjennom Menn i helse i regionen er no i jobb! I løpet av 2025 vil over 1700 deltakarar ha tatt fagbrev som helsefagarbeidar gjennom Menn i helse.
I ein artikkel (19.06.25) skriv Arbeids- og velferdsdirektoratet at arbeidsmarknadstiltaket Menn i helse gjev vesentlege samfunnsgevinstar. Eit samandrag frå rapporten fortel at tre år etter oppstart i tiltaket har deltakarane 200 tusen kroner høgare lønsinntekt enn kontrollgruppa. Etter fullført program mottar dei færraste ytingar frå Nav.
Les meir på heimesida: www.mennihelse.no
Publisert 15.12.2025 15.25