
Oppgradert gate vert til glede for alle
Onsdag var det offisiell opning av sentrumsgate Grønamyrvegen på Straume. Prosjektet til rundt 70 millionar kroner er finansiert gjennom Miljøløftet. Leiar i plan- og miljøutvalet, Børge Haugetun, sa at den oppgraderte vegen vil vera til beste både for syklande, gåande og andre trafikantar.
Les meir.
Testa ut ny skatebane
Med alle elevane på Spildepollen skule og barna frå Spildepollen kystbarnehage var det ei perfekt ramme for sykkelshow på Spildepollen skule på onsdag. Det var leiar i plan- og miljøutvalet, Børge Haugetun, som sparka det heile i gang.
Les meir.
Vil gjerne leva endå litt smartare
Tysdag denne veka vart det markert at Spildepollen skule har status som helsefremmande skule.
- Vi har lært at smart mat og fysisk aktivitet er bra for oss, seier Liam Syljeset Sjursen og Eiril Blomvågnes-Bakke som begge går på sjuande trinn og er med i elevrådet.
Les meir.
- Fleire bør reisa kollektivt
John Rasmussen var ein av dei mange på Straume som fekk ein smudi på veg til jobben i dag. Som ein start på Europeisk mobilitetsveke gjennomførte Miljøløftet og Øygarden kommune morgonutdeling på terminalen på Straume frå klokka 07.00.
- Eg tek bussen kvar dag til jobb, seier John og takkar for ei forfrisking før han går om bord i bussen.
Les meir.
- Dei er så flinke her
Tysdag kveld var det offisiell opning av måleriutstilling på Kvednatunet på Ågotnes.
- Her har kona vist fram eit skjult talent, seier Gunnar Mikkelsen om Unni som er ein av bebuarane som stiller ut bilete. Aktivitør Wenche Farias har knytt til seg Bjørg Skarpenes som har hatt tre målargrupper i sving to til fire gonger i månaden.
Les meir.
Starta Lesereisa
Måndag morgon starta Lesereisa på Kolltveit skule. Lesereisa er ein leselystaksjon der målet er å inspirera til leselyst og på den måten få elevane til å lesa meir. Starten på «Lesereisa» vart markert med ei fellessamling i gymnastikksalen.
Les meir.
Invitasjon til markering av eldredagen
Eldrerådet og Pensjonistforbundet inviterer til gratis og ope møte for alle seniorar på Den internasjonale eldredagen.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (38)
Ferie
Ordføraren neste veke (39)
- 22.09.: Interne møte
Møte om moglege trapper til Liatårnet - 23.09.: Formannskapsmøte
- 24.09.: Møte med Hogne Tyssøy
Møte om 10 årsmarkering for helikopterulukka ved Turøyna
Status om forsvarsprosjekt - 25.09.: Dialogmøte om Sotra Kystby
NHH Lehmkuhl Forelesning
Fellesgruppemøte KPA - 26.09.: Morgonkaffi i parken
Opning Sparebank 1 - 27.09.: Opning av Frivilligdagen
Brujubileum Toftarøyna
Ball i Håkonshallen - 28.09.: Besøk SAFT Klokkarvik
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (38)
- 15. - 17.09.: Sjukmeld
- 18.09.: Gravferd Eli Årdal Berland
Varaordføraren neste veke (39)
- 22.09.: Interne møte
Møte om trapper til Liatårnet
Gruppemøte - 23.09.: Formannskapsmøte
- 24.09.: Møte råd for personar med funksjonsnedsetjing
- 25.09.: Dialogmøte Sotra Kystby
Eldrerådet
Fellesgruppemøte, arealdelen til kommuneplanen - 26.09.: Morgonkaffi i parken
Vigsel - 27.09.: Vigsel
- 28.09.: Besøk SAFT, Klokkarvik