Starta Lesereisa

Måndag morgon starta Lesereisa på Kolltveit skule. Lesereisa er ein leselystaksjon der målet er å inspirera til leselyst og på den måten få elevane til å  lesa meir. 

Starten på Lesereisa vart markert med snorklipping - Klikk for stort bileteStarten på Lesereisa vart markert med snorklipping

Starten på «Lesereisa» vart markert  med ei fellessamling i gymnastikksalen.

Rektor opna samlinga ved å fortelja om eigne leseerfaringar som til dømes «Brødrene Løvehjerte». Med seg i leseveska si hadde han ein lesehest. Kanskje Lesehesten får koma på besøk i klassane?

Elevar frå 3. til 6.klasse delte eigne leseerfaringar og gode boktips. I gymnastikksalen var det og til stades karakterar frå ulike bøker. Vi drog kjensel på Willy frå «Finn Willy», Harry Potter og Hermine frå «Harry Potter», «Pulverheksa»,  Gandalf frå «Ringenes herre» og Reveenka frå eventyret.

Sjølve startskotet for Lesereisa gjekk då snora vart klipt av elevrådsleiar og ei fanfare vart spelt av.

Lesereisa varer i to veker, og skulen vil vera prega av mange kjekke leseaktivitetar på skulen i denne perioden. Vi ser fram til å vera med på reisa!

 

Tekst: Toril Herdlevær Kvalheim
Foto: Kolltveit skule