John Rasmussen reiser dagleg med buss. Til høgre; leiar i plan- og miløjøutvalet, Børge Haugetun.Frå kommunen stilte leiar i plan- og miljøutvalet, Børge Haugetun og rådgjevar Unni Sørensen.
- Folk er takksame for at vi er her og gjev dei ei oppmuntring på veg til jobb. Vi har snakka med mange hyggelege folk. Mange reiser dagleg med buss til jobb. Ein av dei reisande frå Litlesotra fortel at ho måtte vera her på Straume innan klokka 07.00 for å få plass på innfartsparkeringa. Det er behov for innfartsparkering både lengre ute i kommunen og her på Straume, seier Haugetun.
John Rasmussen jobbar i Fyllingsdalen og må skifta buss to gonger kvar veg.
- Eg tek først buss frå Søre Bildøyna til Straume. På grunn av vegarbeidet tek det gjerne 20-30 minutt ekstra ettersom bussen på grunn av vegarbeid må køyra via rundkøyringa på Kolltveit på veg til jobb. I sentrum skiftar eg buss i Olav Kyrres gate. Eg brukar nærare ein og ein halv time for å koma meg på jobb, seier han.
Han kunne tenkt seg endå betre kollektivtilbod, særleg i helgane då det er smått med bussavgangar frå Søre Bildøyna.
- Fleire bør reisa kollektivt. Men då må også tilbodet bli betre. Det var flott å få ei forfrisking på veg til jobb, seier John Rasmussen.
Rimeleg reisemåte
Preben Vatnøy Sydow har arbeidd på plattform i Nordsjøen i fleire år, men har no sett seg på skulebenken i Bergen.
- Eg tek teknisk fagskule sentralt i Bergen. Fram til no har eg brukt motorsykkel, men frå no av må eg meir og meir bruka bussen. Med studentrabatt kostar det meg 29 kroner for å koma meg til skulen. Det er langt rimelegare enn kostbar parkering for bil i Bergen sentrum, seier han.
I Øygarden held mobiletetsveka fram med fleire arrangement onsdag 17. september. Frå klokka 09.00 er det skateshow i Spildeparken sykkelpark.
Klokka 12.00 er det offisiell opning av sentrumsgate Grønamyrsvegen på Straume. Arrangementet er ope for alle interesserte. Klokka 12.30 kan du få med deg sykkelshow med MOOW og sykkelservice ved Basecamp.
Les meir om opningsarrangementet i Grønamyrvegen her.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke