Testa ut ny skatebane

Med alle elevane på Spildepollen skule og barna frå Spildepollen kystbarnehage var det ei perfekt ramme for sykkelshow på Spildepollen skule på onsdag. Det var leiar i plan- og miljøutvalet, Børge Haugetun, som sparka det heile i gang.

Frå oppvisinga til Bergen Skateboardklubb - Klikk for stort bileteFrå oppvisinga til Bergen Skateboardklubb

Spildepollen er «sykkelhovudstaden» i Øygarden kommune. Med pump track-bane, trail-bane og no skatebane, er det eit breitt tilbod for dei som likar seg på to hjul eller på skateboard.

På onsdag var det Bergen Skateboardklubb som stod for underhaldninga. Dei fire som viste fram kunstene sine denne dagen var Petter Hylland, Marius Bjelland, Håvard Helleland og Tarjei Thomassen. Like før oppvisninga kom det litt regn. Men litt våt bane, hindra ikkje desse karane i å visa fram kva dei kunne.

Børge Haugetun viste til at dette arrangementet var ein del av Europeisk mobilitetsveke og eitt av mange arrangement i regi av Miljøløftet. Miljøløftet ved Sturla Kverneng og Bettina Normann var på plass. Joachim Andreassen frå Basecamp sytte for at alle som hadde behov for det, fekk sykkelservice.

Her er fleire bilete:

Frå sykkelshowet - Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Vigleik Brekke