Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 18.

Gav ikkje tilråding i skulesak

Levekårsutvalet vedtok onsdag (30. april) å senda saka om permanent og mellombels erstatning for Skålevik skule til kommunestyret utan tilråding.
Les meir.

Treff+ moteshow: Sol ute, sol inne, sol i hjertet, sol i sinnet

Det var mange som skein på Rong denne onsdagen (23. april). Treff+ hadde sitt årlige moteshow, og det var mange som ville ha med seg siste nytt frå motebransjen. Rundt 90 personar møtte opp på showet.
Les meir.

Innfører talemelding på sentralbordet

Frå og med 5. mai vil du få talemelding når du kontaktar sentralbordet til Øygarden kommune. Når du kontaktar kommunen, vil du i første omgang få fem val (tastealternativ).
Les meir.

- Marknaden forventar dette

Tysdag føremiddag overrekte ordførar Tom Georg Indrevik miljøfyrtårnsertifikat til Malermester Morten Bjarnoll. Det var dagleg leiar Paal Bjarnoll som tok imot sertifikatet. Malermester Morten Bjarnoll starta verksemda på Kolltveit i 1985. I 2019/2020 flytta verksemda til Ågotnes. Det er 14 tilsette i firmaet som hadde ein omsetnad i fjor på om lag 14 millionar kroner.
Les meir.

La ned blomekrans ved minnestøtte

I dag er det ni år sidan den tragiske helikopterulukka ved Turøyna. Tysdag morgon la ordførar Tom Georg Indrevik ned blomekrans ved minnestøtta.
- I dag går tankane våre særleg til dei etterlatne. Det er viktig at vi minnast dei som diverre omkom i denne tragiske ulukka. Dei stod i ei viktig teneste for fellesskapet, seier ordføraren.
Les meir.

Giftig vatn i Blomvatnet 

Øygarden kommune frårår sterkt at du badar i Blomvatnet på Blomøyna. Vatnet kan vera farleg. Badesesongen nærmar seg, og i kommunen vår er det fleire gode offentleg tilrettelagde badeplassar.
Les meir.

Tilrår Øygardsbrua som namn på ny bru

Plan og miljøutvalet (PMU) sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren og går inn for at namnet på brua mellom fastlandet og Øygarden får namnet Øygardsbrua. Utvalet var samla til møte på måndag. Øygarden kommune skal gje høyringssvar på namnesaka som er reist av Statens vegvesen. Kartverket gjer endeleg vedtak om skrivemåte.
Les meir.

Drop-in-kurs: Barn og sterke følelsar 

Korleis forstå og handtera sterke følelsar hos barn og unge? Kommunepsykologane for barn og unge inviterer til kurs der vi ser nærare på korleis vi vaksne kan møta og handtera ulike følelsar hos barn og unge.
Les meir. 

Markering av frigjerings- og veterandagen 8. mai

Torsdag 8. mai 2025 markerer vi at det er 80 år sidan frigjeringa av Norge. Vi heidrar også veteranar frå andre verdskrig og til dagens internasjonale operasjonar.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (18)

  • 28.04.:  Plan- og miljøutvalet
                 Innovasjon Norge, besøk Northern Light
                 Intern markering av nytt hotell på Straume 
  • 29.04.:  Markering av helikopterulukka ved Turøy
                 Utdeling av Miljøfyrtårn 
                 Opning nytt hotell på Straume

Ordføraren neste veke (19)

  • 05.05.:  Interne møte
                  Eigarmøte i Bergen Havn
                  Møte med Øygarden IL
                  Nabokontakt møte med Equinor
  • 06.05.:   Møte med representantar Skålevik skule
                  Politiråd
                  Valstyre
                  Formannskapsmøte
                  Møte i kommunalutval, Høgre, Teams
  • 07.05.:   Møte i redaksjonskomite i landsstyre KS Landstyre, Teams
                  Møte i framtidskomiteen (Framtidssamfunnet)
                  Dialogmøte med CCB
                  Møte med BCC, Panorama Hotell & Resort
  • 08.05.:  8. mai-markeringar, sjå eige program.
                 Delta på frivillig arrangement i regi av Sparebanken Norge
  • 09.05.:  AU Høgre, Oslo
                 Fredagsdansen 25 år

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka(18)

  • 28.04.:  Interne møte
                 Arbeidsverkstad administrasjonsutvalet
                 Åpningsarrangement nytt hotell på Straume
  • 29.04.:  Styremøte Vestnorsk Teater
                 Generalforsamling GCE Ocean Technology
  • 30.04.:  Sotra VGS

Varaordføraren neste veke (19)

  • 05.05.:  Interne møter
                 Faste aksjonsmøte mot utanforskap
                 Kontaktmøte med Equinor, nabokontaktmøte
  • 06.05.:  Oppfølgingsmøte FAU
                 Politirådsmøte
                 Valstyret
                 Formannskapsmøte
  • 07.05.:  Møte i framtidskomiteen (Framtidssamfunnet)
  • 08.05.:  Kransenedlegging