Gav ikkje tilråding i skulesak

Levekårsutvalet vedtok onsdag (30. april) å senda saka om permanent og mellombels erstatning for Skålevik skule til kommunestyret utan tilråding. 

Flokk ved rådhuset - Klikk for stort bileteMange hadde funne vegen til rådhuset for å i forkant av møtet for markera kva dei meinte om skulesaka.

Det var leiar Ernst Einarsen (H) som fremja forslaget. Heile utvalet slutta seg til framlegget. 

Eit forslag frå Hege Renathe Glesnes (INP) vart vedteke oversendt til formannskapet. I oversendingsforslaget vert administrasjonen beden om å leggja inn ei utgreiing for kostnader med brakkeleige m.m. for å gjera det mogleg å samla elevane på Skålevik skule fram til det er avgjort ny løysing for skulestruktur på vestsida og løysing for erstatningsskule.

Det kom fram ulike synspunkt på skulesaka i debatten, men det vart ikkje fremja forslag utover framlegga frå Einarsen og Glesnes.

Kommunedirektøren har frårådd å byggja ny skule på vestsida. Han går inn for at Skålevik skule vert lagt ned og at elevane i Skålevik-krinsen vert fordelte mellom Ågotnes og Ulveset skular. 

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret 15. mai.

Hege Renathe Glesnes - Klikk for stort bileteHege Renathe Glesnes (INP) fremja forslag som vart vedteke oversendt til formannskapet.

Fire bokmålsskular

Levekårsutvalet tilrår tre lokale forskrifter etter ny opplæringslov. Dei tre forskriftene er:

  • Forskrift om skulereglar og skuledemokrati for Øygarden kommunale skular
  • Forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæringa i Øygarden kommunale skular
  • Forskrift om hovudmål for Øygarden kommunale skular


Forskrifta for hovudmål i skulane listar opp fire skular som skal ha bokmål som hovudmål. Det er Bjorøy skule, Brattholmen skule, Foldnes skule og Hjelteryggen skule. Dei 16 andre skulane skal ha nynorsk som hovudmål. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Startar arbeidet med kulturmiljøplan

Levekårsutvalet vedtok å starta opp arbeidet med strategiplanen for kulturmiljø 2026-2031. I vedtaket vert det understreka kor viktig det er at arbeidet med kulturmiljøplanen vert koordinert med arbeidet med ny arealdel til kommuneplanen. Framdriftsplanen, med endeleg vedtak av kulturmiljøplanen hausten 2026, vert lagt til grunn for arbeidet.

Tilstandsrapport barnevernstenesta

Utvalet tok tilstandsrapporten for 2024 frå Øygarden barnevernsteneste til orientering. 

I korte trekk har 2024 vore prega av fleire tilsynssaker frå Statsforvaltar som særleg har vore retta mot meldings- og undersøkingsfasen i ei barnevernssak. Statsforvaltar har sett krav om å setja i gang eit forbetringsarbeid som vil helda fram inn i 2025. 

Barnevernstenesta har ikkje klart å halda budsjett i 2024 og har i denne tilstandsrapporten prøvd å gje innsikt i samanhengen mellom budsjettavvik og endringar som konsekvens av oppvekstreforma. Satsingsområda er å jobba med forbetring i tråd med utarbeida forbetringsplanar, å følgja opp plan for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar og implementera landbytankesettet.

Legg tenesteskildringar ut på høyring

Øygarden kommune har utarbeidd ein tenestekatalog og tenesteskildringar som viser kva forventningar innbyggjarane kan ha til dei kommunale tenestene innan Helse og velferd i tida som kjem. Tenestene skal vera forsvarlege, og pasientar og brukarar har rett til informasjon, medverknad og medbestemming. Tenesteskildringar skal bidra til ei felles forståing for kva som er kommunen sitt ansvar, og kva innbyggjar/pårørande sjølv må ta ansvar for. Det vart vedteke å leggja dei ut på høyring med ein frist på seks veker.

Krinsjustering på høyring

Levekårsutvalet tilrår at vedtaket i punkt 2 i kommunestyret 18. desember 2024 om krinsgrensejustering Misje og Turøy krins til Toftøy vert oppheva. Bakgrunnen er at denne krinsjusteringa skulle vore på høyring før vedtaket i desember. 

Det vart tilrådd å leggja saka om krinsjustering Misje og Turøy krins til Toftøy skule ut på høyring. Etter framlegg frå Ernst Einarsen vart det tilrådd å redusera høyringsperioden frå seks til fire veker.

Saka går til behandling i kommunestyret. 

Skjenkeløyve

Det vart vedteke å gje Straume Hotell AS fast alminneleg skjenkeløyve for alkoholgruppe 1, 2 og 3, for Thon Partner Hotel Straume.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland og Vigleik Brekke