La ned blomekrans ved minnestøtte
I dag er det ni år sidan den tragiske helikopterulukka ved Turøyna. Tysdag morgon la ordførar Tom Georg Indrevik ned blomekrans ved minnestøtta.
Ordførar Tom Georg Indrevik la ned blomekrans ved minnestøtta.Det var den 29. april 2016 at helikopteret, som kom frå Gullfaks B i Nordsjøen, styrta og 13 menneske omkom. Mellom dei omkomne var Lyder Martin Telle og Odd Geir Turøy frå Øygarden.
- I dag går tankane våre særleg til dei etterlatne. Det er viktig at vi minnast dei som diverre omkom i denne tragiske ulukka. Dei stod i ei viktig teneste for fellesskapet, seier ordføraren.
Minnesteinen vart sett opp i april 2019, tre år etter ulukka. Då var det ei større markering med mellom anna pårørande og lokalbefolkninga til stades.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 29.04.2025 10.54