Innfører talemelding på sentralbordet
Frå og med 5. mai vil du få talemelding når du kontaktar sentralbordet til Øygarden kommune.
Ill-bilete
Colourbox
Når du kontaktar kommunen, vil du i første omgang få fem val (tastealternativ). Det er:
- Helse, omsorg og velferd
- Bustad og sosiale tenester
- Kart, bygg, veg og eigedom
- Spørsmål om faktura
- Andre førespurnader
Dersom du ikkje tastar på eitt av desse alternativa, vil du koma fram til ein medarbeidar i Øygarden kommune.
Sentralbordet er ope på kvardagar (måndag – fredag) klokka 09.00-11.00 og klokka 13.00-15.00.
Telefonnummeret til Øygarden kommune er 56 16 00 00.
Publisert 30.04.2025 15.58