Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 14.

Første salve på siste vegtunnel på Sotrasambandet

Den 28. mars vart den første salva skoten på tunnelen som skal gå mellom Valaskiftet og Arefjordpollen. Tunnelen får to tunnelløp med to felt i kvar retning. Sotra Link skriv på nettsida at gjennomslag i tunnelen er venta mot slutten av 2025. Massane frå tunneldrivinga vert frakta til Arefjordpollen og Storavatnet i Loddefjord.
Les meir. 

Møt den fargerike kulturprisvinnaren Sverre Bungum 

- Eg har ein hang til å vera polemisk, og av og til må eg ta meg sjølv i nakken for ikkje å gå få for langt.
Det seier Sverre Bungum som for to veker sidan fekk tildelt kulturprisen 2024. Prisvinnaren har i så og seia brukt heile yrkeskarrieren sin i gamle Sund kommune som skulestyrar og byråkrat. I fritida brukte han tida på idrett, målarbeid og skulemusikkorps. Du kan høyra prisvinnaren i episode 10 i podkasten Rådhuset.
Les meir. 

Gler seg over nytt ventilasjonsanlegg

Etter mange års ventetid har Stranda barnehage endeleg fått nytt ventilasjonsanlegg. Barnehagen har også fått ny varmepumpe og nye lys i heile barnehagen.
- Etter tre veker med barnehagedrift i alternative bygg, er det kjekt å vera saman i barnehagen igjen, seier styrar Miriam Haugstad Blomvågnes.
Les meir. 

Bildøyvegen vert stengd fire dagar

Fylkesveg 5336 Bildøyvegen vert stengd frå fredag 4. april til måndag 7. april for installering av kabelbru over Bildøystraumen. Laurdag 5. og sundag 6. april vert Bildøystraumen stengd for trafikk på dagtid. Arbeidet på Bildøyvegens tartar opp fredag 4. april kl. 06.00 og er avslutta innan måndag 7. april kl. 12.00.
Les meir. 

Velkommen til Kulturskuleveka våren 2025

Frå 31. mars og ei drøy veke fram, har Øygarden kulturskule mange ulike arrangement. Alle arrangementa er gratis. Det vert både konsertar, førestillingar og utstillingar i kulturskulen, både på Rong, Spildepollen, Rådhuset og Liljevatnet.
Les meir. 

Opnar beredskapsløypa på Fjell festning

Sundag 6. april klokka 12.00 er det offisiell opninga av beredskapsløypa på Fjell festning. Opningsseremonien skjer på parkeringsplassen.
Leds meir. 

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (14)

  • 31.03.-01.04.:  KS-samling i Oslo (KS: fellesorganisasjon for kommunane) 
  • 02.04.:  Dialog med Brødrrene Ulveseth
  • 03.04.:  Besøk 7. klasse Foldnes skule del 2
                  Interne møte
                  Møte om Øyfolkets jul
  • 04.04.:  AU Møte Høgre—Teams 
  • 05.04.:  Anleggskonferanse Øygarden Kommune
                  Mottaking Haakonshallen – One Ocean Week 
                  Sotra Mållag 50 år 

Ordføraren neste veke (15)

  • 07.04.:  One Ocean arr i Håkonshallen 
                 Tema møte med Vest Næringsråd 
                 Kveldsarrangement med PWC
  • 08.04.:  One Ocean-konferansen 2025
                 Mogleg møte om Skålevik skule
  • 09.04.:  Frukostmøte om havbruk 
                 Møte ved FOV
                 Berekraftsdebatt på Kystmuseet 
  • 10.04.:  Generalforsamling i Sambygg 
                 Nettverkskaffe på Straume 
                 Presentasjon for Bergen kommune 
                 Arrangement om Energi 

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (14)

  • 31.03:   Interne møte
  • 02.04.:  Fylkesmøte KS
  • 03.04.:  Torsdag: Sotra vidaregåande skule
  • 05.04.: Årsmøte Sotra Mållag - Sotra Mållag 50 år