Gler seg over nytt ventilasjonsanlegg

Etter mange års ventetid har Stranda barnehage endeleg fått nytt ventilasjonsanlegg. Barnehagen har også fått ny varmepumpe og nye lys i heile barnehagen.
- Etter tre veker med barnehagedrift i alternative bygg, er det kjekt å vera saman i barnehagen igjen, seier styrar Miriam Haugstad Blomvågnes.

Alle gler seg over nytt ventilasjonsanlegg, varmepumpe og nye lys. - Klikk for stort bileteAlle gler seg over nytt ventilasjonsanlegg, varmepumpe og nye lys.

Styraren fortel at under byggjeperioden var barnehagen stengd. Barna vart flytta rundt om på ulike bygg i tre veker. To avdelingar har vore på bedehuset på Forland, to avdelingar på grendehuset på Kleppe og eí avdeling var i Klokkarvik barnehage. Utegruppa var igjen i huset dei har på uteområdet i barnehagen. 

I løpet av dei tre vekene fekk barna vera mykje på tur, og dei fekk oppleva mykje kjekt på tvers av avdelingane. Det var mykje planlegging i forkant, og ikkje minst mykje logistikk når ein skal flytta 87 barn og nesten 30 tilsette rundt på ulike bygg.  

- Eg som leiar har hatt eit veldig godt og tett samarbeid med partsgruppa, både i forkant, og under heile prosessen. Så partssamarbeidet har fungert veldig bra. Stort sett har alt gått fint, seier Miriam Haugstad Blomvågnes.

Snora vart klipt av Sigurd Tydal Eknes (to år) med hjlep av Nina Løvik og May Iren Forland. - Klikk for stort bileteSnora vart klipt av Sigurd Tydal Eknes (to år) med hjelp av Nina Løvik og May Iren Forland.

Løysingsorientert

Barnehagesjef Trond Heggestad er imponert over korleis medarbeidarane har funne gode løysingar i den tida dei ikkje kunne nytta barnehagen.

- Det er gjort mykje godt kvalitetsarbeid. Barna har vore med på ekskursjonar, og dei tilsette har vore positive og funne gode løysingar. Vi har fleksible, motiverte og endringsvillige tilsette og ei leiing med gjennomføringskraft og kapasitet. Dei føresette har også vore positive. Dette har vore ein suksesshistorie, seier barnehagesjefen.

Miriam Haugstad Blomvågnes seier også at det er berre positive tilbakemeldingar frå foreldre på prosessen. Det har vore mykje ekstra for mange foreldre desse vekene. Mange har levert barn på to ulike plassar, og nokre har levert barn tre plassar. 

- Så det gode samarbeidet vi har hatt med dei fine foreldra våre, er noko vi har sett ekstra stor pris på. Eg vil også takka bedehusforeininga, grendelaget og Klokkarvik barnehage for stor velvilje og godt samarbeid, seier ho.

Måndag denne veka var det feiring for oppgraderinga av barnehage. Personalet fekk kake på pauserommet, og onsdag var det feiring og markering i hentetida saman med foreldre. 

- Alle barna og foreldra fekk kake og saft/kaffi. Vi hadde pynta barnehagen til fest. Det var ei kjekk markering, seier Miriam Haugstad Blomvågnes som også heldt ein tale på markeringa.

Her er fleire bilete:

Kake - Klikk for stort bilete
Anlegg - Klikk for stort bilete
Kake - Klikk for stort bilete
Kake - Klikk for stort bilete
Anlegg - Klikk for stort bilete
Styrar Miriam Haugstad Blomvågnes og leiar i samarbeidsutvalet, Charlotte Hamrane Tyssøy. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Foto: Stranda barnehage