Podkastepisode 10: Møt den fargerike kulturprisvinnaren Sverre Bungum

- Eg har ein hang til å vera polemisk, og av og til må eg ta meg sjølv i nakken for ikkje å gå for langt.

Det seier Sverre Bungum som for to veker sidan fekk tildelt kulturprisen 2024. Prisvinnaren har så og seia brukt heile yrkeskarrieren sin i gamle Sund kommune som skulestyrar og byråkrat. I fritida brukte han tida på idrett, målarbeid og skulemusikkorps.

Du kan høyra prisvinnaren i episode 10 i podkasten Rådhuset. 

Sverre Bungum likar å skriva og har gjeve ut seks bøker. Dei siste åra har han vore ein lokal eldregeneral og talsmann for dei som treng god eldreomsorg.

- Eg har møtt dei vi ikkje ser. Dei som er åleine og har smerte, dei som ikkje passar inn i biletet av spreke pensjonistar, seier Sverre Bungum.
I den siste boka skriv han også om døden.

- Eg er meir redd for å vera åleine enn å dø åleine, seier han.