Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 11.

Opna Energimessa med eit smell

Litt etter klokka 12 på torsdag small det kraftig på Sartor Storsenter. Med god hjelp frå Vil Vite Bergen markerte ordførar Tom Georg Indrevik opninga av Energimessa ved å tenna på ein ballong med litt sprengstoff i. Energimessa er ein mønstring der elevar frå barneskular, ungdomsskular og Sotra vidaregåande skule presenterer kunnskap, utforsking og refleksjon.
Les meir. 

Høg kvalitet på standane på Energimessa

Øygarden ungdomsskule, Landro skule, og Sund ungdomsskule vart vinnarar av beste standar på Energimessa 2024. Ifølgje juryen er det vist til stor kreativitet og engasjement.
Les meir. 

Tilrår å arbeida vidare med søknad om delvis fritak av bompengar

Formannskapet tilrår at administrasjonen arbeider vidare med søknad om delvis fritak for bompengar for innbyggjarane på Bjorøyna og Tyssøyna på nytt Sotrasamband. I tilrådinga heiter det at søknaden må innehalda ei presisering om at fritaket gjeld reiser til og frå kommunesenteret.
Les meir. 

Stor interesse for «Jobben gjer frisk»-arrangement

Mange tilsette i Øygarden kommune hadde funne vegen til startarrangementet for «Jobben gjer frisk» på Aktiv 365 på tysdag. 
- Interessa var så stor at vi neste gong må leggja til rette for fleire timar og større lokale, seier rådgjevar HR og kompetanse, Benedicte Sletten Larsen.
Les meir.

Heidra kultur og idrett

Det var verkeleg prisdryss og stor stemning i kultursalen på Øygarden rådhus fredag kveld. Kulturen og idretten fekk fortent heider og ros på Kultur- og idrettsgallaen 2023. Kulturprisen gjekk til Ivar Steinsland, medan Unni Øvretveit fekk Frivilligprisen. Anne-Elin Dale fekk Mot til å glede-prisen.
Les meir.

Stor interesse for fagdag om vald og overgrep

Rundt 230 tilsette i Øygarden frå barnehage, skule, PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) og helse var samla til fagdag på innbyggartorget og biblioteket på tysdag der temaet var vald og overgrep mot barn og unge. Arrangør var konsultasjonsteamet for vald og overgrepssaker.
Les meir.

- Miljøfyrtårnsertifikat er viktig for å møta framtida

Tysdag denne veka fekk Straume Elektriske AS overrekt Miljøfyrtårnsertifikat av ordførar Tom Georg Indrevik.
- Det er berekraftig å sertifisera bedrifta, seier dagleg leiar Richard Fotland.
Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga.
Les meir. 

Øygarden startar med kunstig intelligens-opplæring

Øygarden kommune har no teke i bruk KI (kunstig intelligens) i skulen. Inntil vidare nyttar Øygarden løysinga som Randaberg kommune nyttar i skulen. Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, seier at mange har etterlyst chatbotar eller AI-løysingar som kan brukast ut mot elevane.
Les meir. 

Besøk frå Krosno

I førre veke vitja 5 ungdomar og 2 engelsklærarar frå Polen Øygarden kommune. Besøket er ein del av ei partnarskapsavtale mellom Krosno og Øygarden, finansiert av Norway Grants / EØS-midlar. Gjennom partnarskapet utvekslar kommunane erfaring med moderne utdanning og involvering av barn og unge i skulen, inkludering og universell utforming, og medverknad og samskaping i plan- og avgjersleprosessar.
Les meir.

Vekstkommunen i vest: viktige leiarstillingar

Vil du vera med å forme framtidas skule og bygge opp og utvikla tenester til barn, unge og familiar? Øygarden kommune er ein vekstkommune med nær 40 000 innbyggarar, som har som visjon å vere eit fyrtårn i vest. Er du vår nye skulesjef eller familiesjef.
Les meir.

One Ocean Week: Kampen om havet

Øygarden næringsutvikling, Vest Næringsråd og NCE Seafood Innovation inviterer til seminaret Kampen om havet måndag 15. april kl. 15.00 . Møt sentrale aktørar frå næringsliv, naturvern og forvaltning som diskuterer bruk av areala i sjøen.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (11)

  • 11.03.:  Interne møte
                 Online møte med Krosno
                 Møte med Storhilleren velforeining
  • 12.03.:  Møte Vestland fylkeskommune
                 Møte med innbyggar
                 Status Skogsskiftet
                 Formannskapsmøte
                 KPMG
  • 13.03.:  Opning av Energimessa
                 Møte med Glesvær rorbuer
                 Middag med styret i Kreftforeningen
  • 14.03.:  Møte med Kommunal komite på Stortinget 
                 Hovudstyremøte KS (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
  • 15.03.:  Hovudstyremøte KS
                 Kultur- og irdrettsgalla
  • 16.03.:   Seminar for samarbeidspartia


Ordføraren neste veke (12)

  • 18.03.:  Interne møte
                 Eigarmøte Eviny
  • 19.03.:  Regionalt planforum vedr CCS – Stura
                 Gjennomgang av KS-prosjekt 
  • 20.03.:  NHO Årskonferanse i Vestland
                 Besøk 100 års-dag
  • 21.03.:  Møte i HøGRe – Oslo 
  • 22.03.:  Møte i Oslo
     

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (11)

  • 11..03.:  Interne møte
  • 12.03.:   Status Skogsskiftet
                  Formannskapsmøte
  • 13.03.:   Kulturutvalet (fylket)
                  Årsmøte Sotra mållag
  • 14.04..   Fornybarkonferanse
  • 15.03.:  Styre og strategisamling Vest Næringsråd
                  Kultur og idrettsgalla
  • 16.03.:  Fleirtalssamling