Tilrår å arbeida vidare med søknad om delvis fritak av bompengar

Formannskapet tilrår at administrasjonen arbeider vidare med søknad om delvis fritak for bompengar for innbyggjarane på Bjorøyna og Tyssøyna på nytt Sotrasamband. 

Marianne Sandahl Bjorøy på talarstolen. - Klikk for stort bileteDet var Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) som først presenterte alternativt forslag til innstillinga frå kommunedirektøren. Heile formannskapet stilte seg bak forslaget.

I tilrådinga heiter det at søknaden må innehalda ei presisering om at fritaket gjeld reiser til og frå kommunesenteret.

Bakgrunnen for saka er spørsmål i kommunestyret i november om ordføraren ville ta initiativ til å senda ein søknad om delvis fritak for innbyggjarane på Bjorøyna og Tyssøyna for det nye Sotrasambandet som opnar 1. juni. Innbyggjarar på dei to øyane må gjennom Bergen kommune og forbi bompengesnitt for å koma til ulike tenester i kommunen, som lege, tannlege eller foreldremøte på ungdomsskulen. 

I saka skriv kommunedirektøren at ifølgje regelverket er det ikkje opna for fritaksordningar for bebuarar som må gjennom eit bomspengesnitt for å koma til kommunesenter eller kommunale tenester. Stortinget har difor ikkje opna for fritaksordningar utover dei generelle i proposisjonen. På bakgrunn av det er svært lite sannsynleg å få gjennomslag for ein søknad om fritak, har kommunedirektøren gått imot å arbeida vidare med saka.

Saka går vidare til endeleg behandling i kommunestyret.

Porteføljestyring av omstillings- og effektiviseringsarbeidet 

Formannskapet samla seg om å senda saka om «Porteføljestyring – omstillings- og effektiviseringsarbeid 2024-2027» tilbake til administrasjonen og få saka tilbake til behandling i ekstra formannskapsmøte. Formannskapet ber om å få innarbeidd tydeleggjering av tiltak pr. kommunalsjefområde og tabell som viser anslag på årseffekt av dei ulike tiltaka og effekt for 2024. Det er også bedt om tydeleggjering av korleis ein legg opp til at politisk nivå skal orienterast.

Markering av 8. mai og 17. mai - Talar og kransar ved minnesmerke

Formannskapet vedtok at det vert lagt ned kransar på ulike minnesmerke slik det går fram av saka. 

Saka kjem tilbake til neste møte for fordeling av talarar på dei ulike stadene. 

Dei dagane det vert lagt ned blomar/kransar på minnesmerke er 8. mai, 17. mai, 29. april (helikopterulukka ved Turøyna) og 22. juli (etter falne på Utøya ).

Finansrapport pr.31. desember 2023

Formannskapet tilrår å ta finansrapport per 31. desember 2023 til orientering slik han ligg føre. 
Ein stresstest viser eit mogleg tap på om lag 28,8 millionar kroner i høve kommunen si samla finansforvaltning per 31. desember 2023. Tapspotensialet er innanfor dei rammene som Øygarden kommune har høve til å operera i. Det er ikkje teke vesentleg finansiell risiko.

Saka går vidare til endeleg behandling i kommunestyret.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Her er opptak av møtet på kommune-TV.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke