Høg kvalitet på standane på Energimessa

Øygarden ungdomsskule, Landro skule, og Sund ungdomsskule vart vinnarar av beste standar på Energimessa 2024. Ifølgje juryen er det vist til stor kreativitet og engasjement

Dette året var det rekorddeltaking på Energimessa - Klikk for stort bileteDette året var det rekorddeltaking på Energimessa. Konferansier var Anders Ekanger (Vest Næringsråd)

I år var det rekordhøg deltaking med 15 skular som stilte ut elevarbeid. Det var kommunedirektør Johnny Breivik som delte ut prisane. Klassane fekk fem tusen kroner kvar.

Konferansier Anders Ekanger (Vest Næringsråd) gav ros til alle deltakarane. Han viste til juuryen som let seg imponera av koding og programmering, animasjonar, 3D-printing og robotar, stor kunnskap om energi, ny teknologi og berekraftige løysingar. Dei har fått deltatt i fleire konkurransar og smakt på heilt nye produkt. 

- Alle har gjort ein god jobb, så juryen har ikkje hatt ein enkel jobb med å velje ut årets vinnarar! Dei håpar alle som har deltatt held fram med å bruke kreativiteten og kunnskapen sin til å finne gode løysingar! sa Ekanger.

Her er vinnarane og grunngjeving av standar i tre kategoriar:

Mest innovative stand – Øygarden ungdomsskule

Vinnaren har ein enkel og tydeleg bodskap. Løysinga dei viser fram er realiserbar og vil vera nyttig for marknaden. Løysinga tar i bruk teknologi for å stimulere til gjenvinning og mindre matsvinn. Juryen hadde sjølv lyst på produktet! 

Øygarden ungdomsskule - Klikk for stort bileteØygarden ungdomsskule

Best utforma stand – Landro skule

Vinnaren viser fram fleire aktuelle tema, som løysingar for energi og ivaretaking av natur & miljø. Det er lagt mykje arbeid i utforminga og det er ein visuelt fin stand. Juryen la merke til god fordeling av oppgåvene mellom elevane som deltok på standen. Juryen fekk prøva ut løysingar som var utvikla for plastrydding. 

Landro skule - Klikk for stort bileteLandro skule

Mest publikumsvenlege stand – Sund ungdomsskule

Standen var utforma slik at publikum vart engasjert og involvert på ein ny måte. Elevane som deltok på standen var veldig kunnskapsrike og svara godt på spørsmål. Standen hadde også nokre overraskande moment. Juryen likar ideen med å utforme standen som ein berekraftskonferanse og vart imponert over «skodespelarane» (demonstrantane).
Juryen var samansett av Kjersti Nordøy (Equinor), Rune Straume (Sparebanken Vest) og John Ivar Halvorsen (DnB).

Sund ungdomsskule - Klikk for stort bileteSund ungdomsskule

 

Redigering: Vigleik Brekke
Foto: Camilla Nygård, Sparebanken Vest