- Miljøfyrtårnsertifikat er viktig for å møta framtida

Tysdag denne veka fekk Straume Elektriske AS overrekt Miljøfyrtårnsertifikat av ordførar Tom Georg Indrevik.
- Det er berekraftig å sertifisera bedrifta, seier dagleg leiar Richard Fotland.
 

Dagleg leiar Richard Fotland (til venstre) fekk overrekt Miljøfyrtårnsertifikatet av ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteDagleg leiar Richard Fotland (til venstre) fekk overrekt Miljøfyrtårnsertifikatet av ordførar Tom Georg Indrevik.

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

Straume Elektriske AS er lokalisert på Søre Straume. Fotland kjøpte opp bedrifta for 11 år sidan. Omsetnaden og talet på tilsette har auka jamt og trutt og har 29 tilsette i dag. I 2023 omsette bedrifta for 59 millionar kroner. Det er ein auke på 17 millionar kroner i forhold til året før. Fotland stadfestar at det vart eit solid resultat for rekneskapsåret 2023.

- Fram til no har vi hatt mykje oppdrag på husvære. No handlar det i større grad om prosjekt og service. Gjennom innkjøpsnettverket Elkonor har vi teke initiativ til å verta miljøfyrtårnsertifisert. For å få denne klassifiseringa, må vi mellom anna laga gode rutinar for avfall, energiforbruk og bruka sertifiserte leverandørar, seier Richard Fotland. Her kan du lesa om miljøfyrtårnsertifiseringa i Straume Elektriske.

Straume Elektriske AS har god erfaring med bruk av lærlingar.

- Vi tar til vanleg inn tre lærlingar kvart år. Dette er den beste måten å rekruttera gode medarbeidarar på. Vi har eit godt samarbeid både med Sotra vidaregåande skule og Askøy vidaregåande skule. I år fekk alle dei tre lærlingane fast jobb i bedrifta, seier Fotland. 


Tekst og foto: Vigleik Brekke