Innspel ut ifrå tema

Her kan du lesa innspela som er komen inn ut i frå kva tema dei handlar om.

Ver merksam på at innspela som handlar om fleire tema, som til dømes bustad og næring, berre ligg under eitt tema.

Sortering av innspel ut ifrå tema er delvis gjort ved bruk av Copilot, med manuell sjekk. Nokre innspel kan ha hamna under eit anna tema, men dette vil administrasjonen fanga opp etter kvart som vi vurderer innspela.

Grafen viser korleis 1 741 innspel fordeler seg på ulike tema. «Bustad» er den klart største kategorien med 807 innspel, etterfølgt av «Naust, flytebrygge, kai» med 302. Dei andre temaa har langt færre innspel og ligg mellom 10 og 99. - Klikk for stort bilete