Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Enkeltståande arrangement

Lag, organisasjonar og enkeltpersonar kan søkja om å leiga kommunale anlegg til enkeltarrangement på nettportalen AktivVest. Her kan du også sjå ledige/opptatte tider.

Utleiga følgjer skuleruta, og det er såleis ikkje høve til å leiga anlegga i skuleferiane. Det kan gjerast avtale om unnatak frå denne regelen ved spesielle høve.

Enkeltarrangement skal så langt det er mogleg leggjast til laurdag eller sundag. Lag som allereie disponerer fast treningstid ved anlegget skal så langt det er tenleg nytta sine eigne tider til gjennomføring av arrangementet.

Klasserom kan leigast i vekedagane frå kl. 17.00 til 22.00.

Sjå eiga side for leige av Straume kulturhus

Søk om leige av bygg og anlegg

Søknader må sendast inn i god tid, og seinast fire veker før arrangementet, åtte veker ved store arrangement.

Søk på AktivVest

Dersom du ønskjer fast leige til trening og øving finn du meir informasjon her.

Saksbehandling

Behandlinga av søknader skjer normalt innan tre veker.

Pris

Tilbodet er gratis i gymnastikksalar, idrettshallar og uteanlegg når føremålet for lag og organisasjonar i Øygarden kommune. For symjehallane gjeld eigne satsar, med reduksjon eller fritak for grupper med særlege behov.

Det kan i begge tilfelle tilkoma eventuelle kostnader for sluttreinhald og/eller vaktmeistertenester.