Ofte stilte spørsmål om byggesak
Her finn du ofte stilte spørsmål om byggesak.
Skal eigedomen din delast før den skal utbyggast, må søknad om deling vera godkjent før byggesaka di kan bli behandla.
Dersom du lurer på status i byggesaka di kan du gjera eit søk i Søk etter sak. Her kan du blant anna søkja på gnr/bnr og få fram alle dokument som kommunen har i saka di.
Når det gjeld å få svar på søknaden din, kan du forventa at du mottek svar innanfor lovpålagde fristar:
- tre veker for enkle tiltak
- tolv veker for meir omfattande saker
- atten veker for saker med dispensasjon
Eg har fått nabovarsel - kva gjer eg no?
Dersom du har fått eit nabovarsel har du ein frist på 14 dagar til å komma med merknader til tiltaket. Dersom du har merknader, skal du senda desse skriftleg til søkjar. Søkjar skal legga merknaden din med i søknad til kommunen. Søkjar skal også gje ei beskriving av kva som er gjort for å imøtekomma merknad du har gitt, eventuelt argument om kvifor merknad ikkje er imøtekomen.
Kommunen vil ta ei heilskapleg vurdering når all informasjon er levert inn. Har du levert merknader til tiltaket vil du få kopi av kommunen sitt vedtak, og kan klaga på dette vedtaket dersom du ønskjer.
Naboen min har merknader til søknaden min. Kva gjer eg?
Send eit tilsvar på nabomerknaden til kommunen. Kommunen skal vurdera begge sider av saka.
Teikna sjølv:
Det viktigaste i ei sak er at alle nødvendige opplysningar blir gitt, at teikningar er i målestokk 1:100 og at teikningane har god kvalitet slik at saksbehandlar kan setta seg inn i saka og vurdera den på ein riktig måte. Dersom du sit inne med nok kompetanse på slik teknisk tegning kan du gjera dette sjølv.
Bygga sjølv:
Dersom du kan søkja sjølv, står du óg ansvarleg for gjennomføringa. Du vel sjølv korleis du praktisk vil gjennomføra prosjektet. Du kan få ein profesjonell til å gjera jobben, eller du kan gjera det sjølv. Dette gjeld også for tiltak som ikkje krev løyve frå kommunen.
Dersom du har formell kompetanse og erfaring, kan du søkja som sjølvbyggar i tiltaksklasse 1, jf byggesaksforskriften § 6-8.
Søknad om igangsettingsløyve må vera godkjent før ein startar arbeidet når det vert søkt om rammeløyve. Alle vilkår i rammeløyvet må vera oppfylt når ein søkjer om igangsettingsløyve. Søknad om igangsettingsløyve krev søknad om ansvarsrett.
Skjema for søknad om igangsettingsløyve
Dersom du lurer på kva reglar som gjeld for din eigedom må du finna kva område den ligg plassert i i kommuneplanen. Det kan óg føreliggja ein reguleringsplan for området med bestemmelser for eigedomen.
Sjekk XXXXXXX for å finne opplysningar om eigedomen din, eller ta kontakt med byggesaksavdelinga.
Sist endra 09.05.2025 14.39