Før du går i gang med eit byggeprosjekt, kan det vera nyttig å ta kontakt med oss for å få rettleiing.
Byggesak har rettleiing på telefon og nettmøte.
Reserver møte med byggesaksvakta
Vi ønskjer å hjelpa flest mogleg, og har difor 15 minuttar til kvar samtale.
Du kan også senda ein generell førespurnad til byggesak
Treng du meir detaljerte avklaringar, sjå førehandskonferanse nedanfor.
Vi gjer merksam på at søknader ikkje skal til byggesaksvakta. Sjå nedanfor korleis du sender inn søknad.
Kva hjelper byggesaksvakta meg med?
Byggesaksvakta svarer på generelle spørsmål om byggesøknader og gir rettleiing om kvar du finn:
- Naudsynt informasjon
- Regelverk
- Riktig søknadsskjema
- Behov for situasjonskart
- Krav til teikningar
Kva hjelper ikkje byggesaksvakta meg med?
Vi kan ikkje teikna, prosjektera eller fylla ut søknaden din. Dette på grunn av at kommunen ikkje kan saksbehandla søknader som den sjølv har bidratt med å fylla ut. Vi kan forklara kva slags informasjon som blir etterspurt i dei enkelte postar i søknadsblankettane.
Vi kan ikkje rettleia i pågåande byggesaker. Har du spørsmål til ei pågåande byggesak er det saksbehandlar i den aktuelle saka du må forhalda deg til.
Vi kan ikkje gje deg eit konkret estimat på prisen på byggesøknaden din. Dette vil avhenga av om det er naudsynt med dispensasjon, mangelbrev m.m.