Aktuell informasjon

Dokumentsenter

Dokumentsenter har det overordna faglege arkivansvaret for kommunen si informasjons- og dokumentasjonsforvalting og har støttefunksjon når det gjeld rutinar, opplæring og arkivfagleg rådgjeving til kommunen si leiing og alle einingar. 

Dokumentsenter i kommunen er organisert med eit felles postmottak og arkiv for heile kommunen.

Dokumentsenter har og ansvar for dagleg drift og kvalitetssikring av kommunen sitt sak/arkiv system og fagsystem. Systema er med på å sikre at kommunen utfører oppgåver i samsvar med reglar for arkiv og offentlegheit. Samstundes som vi skal sikre ei ope forvaltning skal vi og ta vare på våre innbyggjarar sin rettigheitsdokumentasjon. 

Øygarden kommune har i hovudsak fullelektroniske arkiv, - papirdokument vert makulert etter skanning. Kommunen er medlem av Interkommunalt Arkiv Hordaland og det meste av papirarkiva er deponert hos dei. 

Dokumentsenter er lokalisert på kommunedelsenter på Rong.

Offentleg journal

Øygarden kommune ønskjer at innbyggjarane skal ha høve til å følgje med på kva som skjer i kommunen vår og vi har postliste med fulltekstpubliserte dokument tilgjengeleg via innsyn.

Innsyn i offentlege dokument

Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument. Alle saksdokument i kommunen er offentlege, om det ikkje er gjort unntak som er heimla i lov. Kommunen skal likevel vurdere om dokument som ikkje er offentlege, heilt eller delvis kan gjerast kjende (meirinnsyn).

Innsyn i personopplysningar

Korleis får eg innsyn i personopplysningane mine?

Du har rett til informasjon om kva personopplysningar kommunen behandler om deg, og til kva formål kommunen behandlar desse opplysningane.

Arkivplan

Etter arkivforskifta § 4 skal alle offentlege organ til ein kvar tid ha ein ajourført arkivplan som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Arkivplanen skal vise korleis arkivfunksjonen er organisert, og kva slags instruksar, reglar, planar som er gjelande for arkivarbeidet. 

I Øygarden kommune si arkivplan kan du lese meir om rutinar, ansvar/mynde, arkivbestand, avlevering/periodisering m.m.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00