Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Korleis får eg innsyn i personopplysningane mine?

Du har rett til informasjon om kva personopplysningar kommunen behandler om deg, og til kva formål kommunen behandlar desse opplysningane.

Når du søkjer om innsyn i personopplysingane dine, er det en fordel om du veit kva eining i kommunen du ønskjer personopplysningane frå. 

Innsyn i ei sak

Innsyn i sak gjev tilgang til sakspapirer i heile saka du søkjer innsyn i.

Ønsker du innsyn i en konkret sak, må du søkja innsyn i saka. Ved innsyn i eigne personopplysingar, vil du normalt kun få utlevert dei personopplysingane som er registrerte om deg.

Innsyn i dine personopplysninger

Du kan få innsyn i dei personopplysingane Øygarden kommune har registrert om deg.

Kva kan du spørja kommunen om?

  • Formålet med behandling av personopplysingane.
  • Opplysningar kommunen har lagra om deg.
  • Er, eller vil opplysingane verta utleverte til andre, og i tilfelle til kven?
  • Kor lenge lagrar kommunen opplysningane. Dersom det ikkje er mogleg å koma med ei endeleg lagringstid, kva avgjer kor lenge opplysningane vert lagra?
  • I kva grad du har rett til retting av opplysningar, sletting, avgrensing eller å protestere mot behandlinga.
  • Kvar har kommunen fått opplysningane frå.
  • Tar kommunen automatiserte individuelle avgjersler, og i så fall kva logikk ligg bak og kva konsekvens kan det få for deg?

Du kan og be om kopi av alle opplysningane kommunen har registrerte på deg. Dette inkluderer også elektroniske spor, metadata og kva personprofiler du er tildelt.

Skjema: Innsyn i personopplysningar

Les meir om rett til innsyn på nettsida til Datatilsynet.

Saksbehandlingstid ved innsynssøknader

Søknader om innsyn hos Øygarden kommune vert behandla innan 30 dagar. I tilfelle der søknaden er ressurskrevjande, kan det ta noko lengre tid før du får svar. I slike tilfelle vil vi informera deg.

Korleis får du svar på innsynssøknaden din?

Når vi har behandla søknaden din, kan du lesa svaret på Mi side og i den digitale postkassa di. Dersom du har reservert deg mot digital post, vil du få svaret tilsendt i posten.

Gå til Mi side