Senior 60+

Her finn du oversikt over tilbod og tenester til deg over 60 år i Øygarden kommune.

Tilbod for alle

AKTIV+

AKTIV+ er eit ope og gratis aktivitets- og kulturtilbod for yngre og eldre seniorar i Sotra Arena kvar tysdag kl. 10.30 - 14.00. Vil du prøva ut tilbodet, er det berre å møta opp utan påmelding! Nye deltakarar vil få informasjon om aktivitetar og omvising i hallen når dei kjem.
Her finn du meir informasjon om AKTIV+ 

Seniorsenter

Seniorsenter er eit ope tilbod til alle eldre og pensjonistar. Senteret vert driven av frivillige pensjonistar organisert gjennom eige driftstyre. Nye og gamle seniorar er hjarteleg velkomne både som deltakarar og som frivillige.
​​​​​​​Her finn du meir informasjon om Seniorsenteret

TREFF+

TREFF+ er ope kultur- og handletilbod for yngre og eldre seniorar. Vil du prøva ut tilbodet, er det berre å møta opp! På Sartor Storsenter kvar torsdag kl. 11.00 - 14.00. På Sund Senter og Rong Senter kvar onsdag 11.00 - 14.00.
Her finn du meir informasjon om TREFF+

Øygarden demensforening

Vi i demensforeininga ønskjer å vera til støtte for personar med demenssjukdom og pårørande deira gjennom temamøte, kurs og sosiale sammenkomstar. Vi jobbar òg med å hjelpa pårørande med å finna fram i hjelpeapparatet.
Her finn du meir informasjon om Øygarden demensforening​​​​​​​

Tilbod du må søkja om

Aktivitet 365

Treningssenteret Aktiv365 inviterer til sosialt samvær og eit variert aktivitetstilbod. Vi håpar at ulike aktivitetar, både inne og ute, felles måltid saman med kjekke instruktørar og andre deltakarar kan fremja trivsel og helse. Tilbodet er måndag og onsdag kl. 10.30-14.30.
​​​​​​​Her finn du meir informasjon om Aktivitet 365

Dagsenter for seniorar

Dagsenter er eit tilbod for deg som ikkje kan nytta deg av andre opne aktivitetstilbod i kommunen. Dagsenter er og eit tilbod for pårørande med særleg tyngjande omsorg som treng avlastning i kvardagen.
Her finn du meir informasjon om Dagsenter for seniorar/eldre