Formål
Dagtilbod skal gje innbyggjar høve til å oppleva sosialt fellesskap, delta i aktivitetar og oppretthalda funksjonsnivå.
Målgruppe
Heimebuande eldre og personar med kognitiv svikt eller pårørande med særleg tyngjande omsorg.
Skildring
Dagtilbod er eit tilbod for deg som bur heime og ikkje kan nytta deg av andre opne aktivitetstilbod i kommunen. Tilbod er lovpålagt for personar med demensdiagnose. Her får du tilbod om sosiale aktivitetar og næringsrike måltid. Dagsenter er og eit tilbod for pårørande med særleg tyngjande omsorg som treng avlastning i kvardagen.
Dagtilbod består av tilpassa aktivitetar som skal bidra til å meistra funksjonar i kvardagen. Tilbodet skal gi meining, meistring og gode opplevingar for den enkelte. Vi tilstrebar at aktivitetar er tilpassa den enkelte innbyggjaren og samansetjing i gruppa. Tilbodet kan tildelast ein eller fleire dagar per veke basert på behov, tilgjengeleg plass og inkluderer måltid og transport til/frå.
Kriterium og vurdering
Deltaking i dagtilbod føreset at:
- Du kan delta i gruppe
- Du er fysisk mobil, eventuelt ved hjelp av forflyttingshjelpemiddel.
- Du har ikkje behov for særskilt tilrettelegging eller kontinuerleg oppfølging og tilsyn
- Du har ikkje behov for vedvarande skjerming for å ivareta eigen integritet.
Vedtak om dagtilbod vert avslutta dersom du får innvilga vedtak om heildøgns omsorg (langtidsopphald i institusjon eller omsorgsbustad med heildøgns bemanning). Det same gjeld dersom du ikkje nyttar dagtilbodet i ein periode på to månadar. Dersom du er på avlastingsopphald, fell dagtilbod bort, med mindre du kan organisera eigen transport
Forventningar til tenestemottakar
- Du melder frå så tidleg som mogleg om tenesta ikkje skal nyttast til avtalt tidspunkt
- Du tar med nødvendig utstyr til aktiviteten.
Praktiske opplysningar
Dersom du treng transport for å nytta deg av tilbodet, legg vi til rette for det. (Om du ønskjer å nytta anna transport, betaler du dette sjølv).
Eigenbetaling
Det er eigenbetaling for tenesta. Dagtilbod for avlasting pårørande har ikkje eigenbetaling.
Lovgrunnlag
Du kan klage på vedtaket