Aktivitet 365

Treningssenteret Aktiv365 inviterer til sosialt samvær og eit variert aktivitetstilbod. Vi håpar at ulike aktivitetar, både inne og ute, felles måltid saman med kjekke instruktørar og andre deltakarar kan fremja trivsel og helse. Tilbodet er måndag og onsdag kl. 10.30-14.30.

Aktivitetsprogram er til ei kvar tid tilpassa dei som deltek! For å delta, treng du:

  • lett/behagelig tøy
  • innesko

Flinke instruktørar er med gruppa heile dagen og passar på at opplegget er tilpassa di helse og dine ønske.

Kven kan delta?

Tilbodet er for personar som har utfordringar med hukommelsessvikt/demenssjukdom og bur heime. Treng du transport, ordnar vi det.

Pris

Tilbodet kostar kr. 90,- per dag. Dette inkluderer transport og aktivitetstilbod + middag kr. 94,- og evt. dessert kr. 25,-.

Slik søkjer du

I søknadsskjema skriv du kva du søkjer. 

Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje ei fullmakt som må lastast opp som vedlegg til søknaden.  Du kan bruke denne malen dersom du er usikker på kva ein fullmakt skal innehalde.

Digital søknad

Du loggar inn gjennom den nasjonale ID-porten. Logg inn og fyll ut digital søknad:

Søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester

Søknadsskjema på papir

Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 354 kB)
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Treng du hjelp til søknad eller ønskjer meir informasjon om tilbodet, kontakt gjerne koordineringssenteret på tlf. 56 16 00 00.