Jordmor - Oppfølging i svangerskapet
Jordmor gir deg oppfølging i svangerskapet etter ditt eige behov. Vi ønskjer å møta deg så tidleg som mogleg i svangerskapet og bidra til at du får ei trygg og god oppleving av å vera gravid.
Kva tilbyr vi?
Vi undersøkjer di og barnet si helse. Jordmor tilbyr samtalar om fødsel, amming og spedbarnstid, begge foreldre kan koma med tankar og eventuelle bekymringar som opptek dykk og begge foreldre er velkomne til å vera med på konsultasjonane.
Helsetasjonen tilbyr fødsels- og foreldreførebuande kurs for alle som vert foreldre for første gong.
Jordmor vil også følgja deg opp med tidleg heimebesøk etter fødsel.
Du kan kva tid som helst ta direkte kontakt med jordmor på helsestasjonen. Jordmor samarbeider breitt tverrfaglig, mellom anna med fastlegane og fødeavdelinga på sjukehuset. Jordmor sender deg vidare ved behov.
Svangerskapskontroll
Rutinemessig undersøking av:
- Blodtrykk
- Urin
- Måling av vekst og utvikling hjå fosteret
- Lyttar på hjartelyden hjå barnet
- Leiekontroll av barnet
Jordmor tilviser den gravide til screening ultralyd og andre undersøkingar og oppfølging hjå spesialisthelsetenesta ved behov. Herunder tilvising til Rådgivningssenteret for mor- og barn ved Kvinneklinikken i Bergen, poliklinikk for gravide, observasjonspost for gravide o.a.
Timebestilling
Telefon: 56 16 03 00
- Tast 1 for Straume helsestasjon
- Tast 2 for Ågotnes helsestasjon
- Tast 3 for Sund helsestasjon
- Tast 4 for Rong helsestasjon
Telefontid:
Måndag til torsdag kl. 08.30-11.15 og 12.30-13.30
Fredag kl. 08.30-11.15 og 12.00-13.00
Tilbod
- Svangerskapskontroll etter tilråding frå Helsedirektoratet
- Rettleiing og råd når det gjeld svangerskapsplager/fysiske/psykiske utfordringar i svangerskapet og livsstilsrettleiing
- Samtale/råd knytt til fødsel. Rettleiing om fødsel og korleis kvinna kan førebu seg til fødselen
- Ammerettleiing i svangerskap
- Screening av fysisk og psykisk helse samt levevaner
- JordmorHeim tilbyr alle friske barselkvinner og nyfødde inn forbi kriteria tidleg heimebesøk eller poliklinisk kontroll inntil 5. dag etter fødsel
- JordmorHeim tilbyr praktisk ammehjelp
- JordmorHeim tilbyr og naudsynt oppfølging av mor og barn i barseltid med bl.a nyføddscreening, vektkontroll, høyrselstest, gulsotmåling, ernæring- og veiledning til foreldre i stell av spedbarn og barseloppfølging av kvinna
- Samtale om fødsel
Dei fleste som har fødd får tilbod om JordmorHeim. Unntaka er born under 2800g eller over 5000g, Fødd før veke 37, blødning hjå mor 1000ml, akutt keisarsnitt, sjukdom hjå mor eller born som krev eit lengre opphald på sjukehuset.
Vakttelefon
Vakttelefon - gjeld etter fødsel 481 60 999 måndag – fredag frå kl. 08.00 - 15.30 laurdag frå kl. 09.00 - 16.00.
Jordmødre i Øygarden samarbeider tett med fastlegar, helsesøstrer i helsestasjon og spesialisthelsetjenesta. Andre aktuelle samarbeidspartnarar er kommunal fysioterapeut, kommunepsykolog, rask psykisk helsehjelp, sosionom/NAV.
Sist endra 30.11.2022 15.06