Gravid i basseng

Trening for gravide i terapibassenget med fysioterapeut tysdag kl. 12.00 - 13.00. Treninga er tilrettelagt for gravide, og fokuset varierer mellom kondisjon- og styrketrening, bekkenbotnstrening og mobilitet.

Målgruppe

Gravide innbyggjarar og tilsette i Øygarden kommune.

Kriterium/vilkår

For å nytte seg av tilbodet må ein vere busett i Øygarden kommune eller vere kommunalt tilsett. Ein forpliktar seg til å delta på treninga i størst mogleg grad i den perioden ein har fått plass. Dersom ein ikkje lenger ønskjer å nytta seg av tilbodet, skal ein gje beskjed i resepsjonen eller til instruktøren for gruppa.

Ein har plass i gruppa i heile svangerskapet fram til termin. Dersom pågangen vert stor, må ein seia frå seg plassen i veke 37.

Pris

Gravide må betala kr. 300,- i ekspedisjon i bassengavdelinga. Første gong er gratis slik at ein kan prøve ut om tilbodet passar for deg. 

Påmelding

Det er stor pågang på tilbodet og difor venteliste. Påmelding via digitalt skjema. Fysioterapeut vil ta kontakt med deg på SMS når det er ledig plass på gruppa.

Ved spørsmål kan du ta kontakt på telefon 55 09 68 50.

Påmeldingsskjema til «Frisk og gravid»