Gravid i jobb

Å vera gravid og i jobb er ein heilt naturlig ting, både seint og tidleg i svangerskapet. Graviditet er ingen sjukdom, men ei annleis og energikrevjande tilstand. Det kan difor vere nødvendig å gjera forskjellige tilpassingar i dei ulike fasane i svangerskapet.

Øygarden kommune ønskjer å gjera det som er mogleg for å leggja arbeidsforholda til rette, slik at du kan halda fram i jobben gjennom heile svangerskapet. Medan tilbod om trepartsamtalar ute på arbeidsplassen berre gjeld tilsette i Øygarden kommune, kan dei som ikkje er tilsette i Øygarden kommune likevel få råd og rettleiing frå jordmor om tilretteleggingstiltak på arbeidsplass og bistand til å søkja svangerskapspengar dersom arbeidssituasjonen tilseier det.