Søk om tilskot til kultur, idrett og fritid
1. februar opna kommunen for søknader om årets tilskot til lag og organisasjonar. På ordningane for kulturvernmidlar og ungdomsmidlar kan også privatpersonar søkja. Hugs at søknadsfristen er 1. mars.
Ill.Oversikt over kommunale tilskot
Frå i år er prosjektstilskot og arrangementstilskot slått saman til ei felles ordning.
Søkjarar må ha organisasjonsnummer og vera registrert i frivilligregisteret (gjeld ikkje privatpersonar).
For nokre av ordningane er det krav om å rapportera for bruk av midlane. Dei som mottok slike tilskot i fjor må rapportera innan 1. april for å vera kvalifiserte for tilskot i år. Dette gjeld for prosjekt- og arrangementstilskot, kulturvernmidlar, nærmiljøanlegg og idrettsanlegg/kulturbygg og ungdomsmidlar.
Alle søknader må sendast på eigne, elektroniske skjema.
Publisert 03.02.2026 11.50