Søk om driftstilskot til idrett og private anlegg

Driftstilskot vert gjeve til idrettslag/råd som har si verksemd i Øygarden kommune. Tildelinga skjer på grunnlag av medlemstal og private anlegg. 

Tilskotssum: kr. 1.986.000,-
Søknadsperiode: 1. mars- 15. april

Alle organisasjonar som er medlem i Øygarden Idrettsråd får eit grunnbeløp som er sett til kr. 4000,- i tillegg til ein sum pr. medlem. Summen av tilskotet vert utrekna ut frå tal på medlemar som er innrapportert til Vestland Idrettskrets/Norges Idrettsforbund, frist sett av Norges Idrettsforbund.

Krav til søknad

Idrettslaga må vera opne for alle, ha eit vald styre og ha betalande medlemar.

Søknaden må innhalda

  • Rekneskap
  • Årsmelding

Årsmelding og rekneskap treng ikkje å vera godkjent av årsmøte.
Dersom noko manglar, vil søknaden ikkje verta vurdert.

Slik søkjer du

Søknad må vera elektronisk.

Søk om driftstilskot til idrett og private anlegg

Søknadsfrist 15. april

Saksbehandling

Søknadene vert handsama administrativt, og lagt fram for Levekårsutvalet til orientering.

Drifttilskot har ein fordelingsnøkkel som tar omsyn til tre punkt:

  • Tal på medlemar
  • Basis støtte
  • Private anlegg

Øygarden Idrettsråd får eit tilskot på kr. 30.000,-. Desse midlane vert tildelte frå den totale summen som er sett av til idrettslag/idrettsråd.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00