Søk om ungdomsmidlar

Målsetjinga med ordninga er å stimulera til aktivitetar som er retta mot ungdom i Øygarden, med spesiell prioritering til aktivitetar som vert drivne av ungdommane sjølve. Midlane kan delast ut til organisasjonar og privatpersonar.

Kva kan du søkja ungdomsmidlar til?

Du kan søkja om tilskot til aktivitetar, arrangement eller andre tiltak. Det kan vera både eksisterande tiltak eller stønad til realisering av nye.

Tiltaket skal vera retta mot ungdom i aldersgruppa 13-19 år i Øygarden kommune

Øvre søknadssum er 20 000 kr.
Ein kan få dekka maks ⅔ av totale kostnadar og budsjett skal vise plan for finansiering av resterande ⅓. 

Følgjande tiltak vert prioritert:

  • Aktivitetar som vert drivne av ungdom sjølve
  • Tiltak som rettar seg mot grupper som ofte fell utanfor organiserte aktivitetar, til dømes opne møteplassar som famnar mange, eller aktivitetar som er attraktive for grupper som ikkje deltek i annan organisert aktivitet
  • Nye tiltak vert ofte prioritert over tiltak som har fått støtte tidlegare

 

Krav til søknaden

  • Skildring av tiltaket med søknadssum.
  • Finansieringsplan for tiltaket.

Slik søkjer du

Søknad må vera elektronisk. Søknadsskjema opnar 1. februar.

Søk om ungdomsmidlar

Søknadsfrist 1. mars (fristen er utvida til 15. mars).

Saksbehandling

Søknadane vert handsama av Ungdomsrådet.

Rapportering

Det skal rapporterast på bruken av tildelte midlar seinast ein månad etter gjennomføring, inklusiv bilete. Send inn rapportering på tildelte midlar.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00


Tasteval:
1. Helse, omsorg og velferd
2. Bustad og sosiale tenester
3. Kart, bygg, veg og eigedom
4. Spørsmål om faktura
5. Andre førespurnader

eDialog
Send e-post på ein sikker måte