Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt om det som har skjedd i veke 28.

22. juli-markering på Stranda

I år er det 15 år sidan terrorangrepa mot regjeringskvartalet og Utøya. Onsdag 22. juli vert det invitert til minnemarkering ved minnestøtta ved Stranda skule klokka 10.00. Markeringa er eit samarbeid mellom støttegruppa etter 22. juli og Øygarden kommune.
Les meir. 

No kan du bada trygt ved Kårtveitpollen

Fredag ettermiddag (10. juli) kom resultatet av nye vassprøvar frå Kårtveitpollen. Prøvane viser at det no er trygt å bada i dette området. 
Les meir.

Inviterer til VM-vising i kultursalen på Straume

- Eg ønskjer at det skal vera eit gratis og alkoholfritt tilbod om å få sjå kvartfinalen mellom Noreg og England laurdag kveld. Det seier Nina Elisabeth Nordvik i Fjell grendelag. Dørene opnar klokka 22.00. Kampen tek til klokka 23.00. Arrangementet er for folk i alle aldrar.
Les meir. 

Ny tømmestasjon er på plass på Rong

Frå i dag av (7. juli) er det mogleg å nytta tømmestasjonen for bubilar ved Hjeltefjorden fjordpark på Rong. Stasjonen har vore stengd etter påkøyrsel.
Les meir. 

Opna Arenavegen tysdag ettermiddag

Frå tysdag 7. juli klokka 15.00 var det mogleg å bruka Arenavegen som går mellom Obs BYGG Straume i Idrettsvegen og krysset Ebbesvikvegen/Arenavegen. Det er planlagt opningsmarkering ved skulestart.
Les meir.