No kan du bada trygt ved Kårtveitpollen
Fredag ettermiddag (10. juli) kom resultatet av nye vassprøvar frå Kårtveitpollen. Prøvane viser at det no er trygt å bada i dette området.
Kårtveitpollen
Kjell Andersland
Prøvar teke av miljøretta helsevern (Bergen kommune) frå slutten av juni og tidleg i juli viste avføringsbakteriar som var litt for å høge til å tilrå bading i Kårtveitpollen.
- Prøvane som vi fekk resultatet av seint fredag ettermiddag viser at det no er trygt å ta seg ein
dukkert i Kårtveitpollen. Det er kjekt at vi kan melda dette med dei vérutsiktene vi har no, seier smittevernoverlege og assisterande kommuneoverlege Bjørg Møllerløkken.
Skogavatnet
Dette vatnet ligg like ved Sotra Arena. Bjørg Møllerløkken seier at det ikkje lenger vert teke prøvar av Skogavatnet.
- Generelt vi vi frårå å bada i dette vatnet. Det er gode alternativ i nærleiken, til dømes Geitvika, seier ho.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland
Publisert 10.07.2026 18.11