Inviterer til VM-vising i kultursalen på Straume

- Eg ønskjer at det skal vera eit gratis og alkoholfritt tilbod om å få sjå kvartfinalen mellom Noreg og England laurdag kveld. Det seier Nina Elisabeth Nordvik i Fjell grendelag.

Kultursjef Marian Guddal Hansen (til venstre) og Nina Elisabeth Nordvik i kultursalen. - Klikk for stort bileteKultursjef Marian Guddal Hansen (til venstre) og Nina Elisabeth Nordvik har store forventningar til laurdagskvelden.

Nordvik seier at ho har møtt stor velvilje i kommunen og har fått låna kultursalen i Øygarden rådhus på Straume. Dørene opnar klokka 22.00. Kampen tek til klokka 23.00.

Kultursjef Marianne Guddal Hansen seier at kommunen støttar opp om dette initiativet.

- Eg vart glad då eg fekk telefon frå Nina. Det er flott at barn og unge kan få eit alkoholfritt tilbod som dette. Barna skal jo ikkje opp tidleg for å gå på skulen dagen etter, seier kultursjefen.

Arrangementet er for folk i alle aldrar. Det vert sal av brus og snacks til inntekt for grendelaget. Kultursalen har ein kapasitet på 330 personar. Det vert ordna med formalitetar knytt til fellesvising av kampen.

Nina Elisabeth Nordvik seier at ho har hatt vanskar med å finna eit alkoholfritt tilbod med vising av kampen mellom Noreg og England. 

- I utgangspunktet hadde vi ønske om å nytta ungdomshuset på Fjell. Men der er det ikkje teknisk utstyr til å få til ei fellesvising av kampen. Responsen så langt har vore svært god. På laurdag skal vi sjå kamp saman og ro i takt. Vi har fått lånt tromme, seier ho.

Det er også andre liknande initiativ. Døme på dette er ungdomslaget Stølen på Nautnes og SAFT i Klokkarvik.

Påmelding

I prinsippet er det første mann til mølla, men arrangøren ber om påmelding på e-post: nelgn@hotmail.com


Tekst og foto: Vigleik Brekke