I vekerapporten kan du lesa litt om det som har skjedd i veke 27.

Frårår mellombels å bada ved Kårtveitpollen
Etter påvist for høge verdiar av avføringsbakteriar i badevassprøvar ved Kårtveitpollen badeplass, frarår smittevernlegen folk å bada ved denne badeplassen inntil vidare.
Les meir.
Endringar ved Storavatnet utfordrar trafikkflyten
Statens vegvesen er tydelege på at det vert krevjande å koma seg fram i området ved Storavatnet i periodar i tida som kjem.
- Vi oppmodar difor trafikantane til å følgja skiltinga og leggja om reisemåten om det er mogleg, seier prosjektsjef Lene Sælen Rivenes.
Les meir.
Endringar ved Storavatnet og for Godviksvingene
Frå 14. juli vert det endringar for trafikken på riksveg 555 og tilstøytande vegar ved Storavatnet i Bergen. Godviksvingene opnar igjen i ny trasé. Det vert teke i bruk ei ny mellombels innfartsparkering i bruk, og køyremønsteret vert endra.
Les meir.
Dette skjedde første halvår 2026
I oppsummeringa for det første halvåret 2026 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Øygarden det første halvåret.
Les meir.
Korleis opplever du sykkelforholda i Øygarden?
Syklistforeningen inviterer deg til å delta i ei undersøking om korleis det står til med forholda for syklistane i Øygarden. Ny frist for å delta i kartlegginga er 31. juli.
Les meir.
Treng du norskopplæring?
Vi har ledige plassar på norskkurs på dag- og kveldstid hausten 2026. Kurs vert gjennomførte i perioden 17. august til 18. desember.
Les meir.
Publisert 03.07.2026 23.53