Frårår mellombels å bada ved Kårtveitpollen
Etter påvist for høge verdiar av avføringsbakteriar i badevassprøvar ved Kårtveitpollen badeplass, frarår smittevernlegen folk å bada ved denne badeplassen inntil vidare.
Kårtveitpollen
Kjell Andersland
Verdiane er høgare enn det som er tilrådeleg, og ein frarår difor bading ved denne badeplassen til verdiane er innanfor det som er tilrådeleg.
Det vert teke oppfølgingsprøve måndag 6. juli. Resultat er forventa på onsdag 15. juli. Vi vil då gje oppdaterte råd.
Inntil vidare rår miljøretta helsevern, Bergen kommune, følgjande:
- Ikkje bad ved denne badestaden.
- Ikkje la barn leika i strandsona då forureining har ein tendens til å samlast der.
- Unngå vassport der du kan få vatn i munnen.
Publisert 03.07.2026 13.03