Korleis opplever du sykkelforholda i Øygarden?
Syklistforeningen inviterer deg til å delta i ei undersøking om korleis det står til med forholda for syklistane i Øygarden. Ny frist for å delta i kartlegginga er 31. juli.
Øygarden kommune
Dette er ei nasjonal, digital og anonym brukarundersøking. Ho er open for alle som syklar, eller som ønskjer å sykla meir. Undersøkinga kartlegg kor nøgde syklistane er med sykkelforholda i kommunen.
Det vert spurt om kva som hindrar folk i å sykla meir, og kva som motiverer dei til å sykla. Vi ber også om vurderingar av sykkelparkering, kva situasjonar som opplevast som utrygge, og kva tiltak folk ønskjer at kommunen skal prioritera i arbeidet med å leggja betre til rette for sykling.
Her kan du lesa meir om kartlegginga og eventuelt delta.
Publisert 01.07.2026 14.40