I vekerapporten kan du lesa litt av det som har skjedd i veke 41.

- Stolte unge strilar med glød
Torsdag kveld stod høgdepunkta i kø då Sund ungdomsskule hadde framsyning på Panorama Hotell & Resort. Dette var avslutninga på prosjektveka der timeplanen vart bytta ut med prosjektarbeid.
- Eg er skikkeleg stolt av elevane og dei tilsette på skulen, seier rektor Anne Hufthammer.
Les meir.
Digitalt informasjonsmøte om fosterheim
Er du nysgjerrig på korleis det er å vera fosterheim? Då er dette møtet for deg. Delta på digitalt møte tysdag 18. november kl. 20.00-21.30. Du kan stilla spørsmål om det du lurer på. Om du heller vil snakka med oss åleine, kan du ta kontakt etter møtet.
Les meir.
Skogsvåg skule sprang skuleløp - «Løp for havet»
Tradisjon tru arrangerte Skogsvåg skule det årlege skuleløpet for FORUT og i år var temaet - «Løp for havet». Trass i kraftig vind (men før regnet), stilte heile skulen opp og sprang med stor innsats og godt humør. Elevane imponerte stort og fleire sprang seg inn til nye rekordar!
Les meir.
Stengjer riksveg 555 på Bildøyna natt til fredag
Natt til fredadg 10. oktober vert riksveg 555 på Bildøyna stengd mellom klokka 00.00 og 05.00. Omkøyring er skilta. I denne perioden skal utførande entreprenør i samband med Sotrasambandet halda fram med å ta ned luftspenn i området.
Les meir.
Små grep, stor skilnad: Slik styrkjer du den mentale helsa di
Verda er i endring – og ikkje nødvendigvis til det betre. Med krig og informasjonskamp, og økonomisk uro og teknologiske truslar, står vi midt i ei tid der tryggleik og tillit vert utfordra på alle nivå. Korleis skal vi navigera i eit hav av informasjon og inntrykk?
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (41)
- 05.10.-08.10.: Geneve
Deltar og held innlegg på UN Forum of Mayors - 09.10.: Møte med aktør i samband med Energiparken
- 10.10.: AU Høgre digitalt
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (41)
- 13.10.: Interne møte
Koordineringsutvalet
Admnistrasjonsutvalet
Formannskapet - 14.10.: Møte med ordførar
Haustkonferanse KS (fellesorganisasjon for kommunane) - 15.10.: Kulturutvalet, Vestland fylke
- 16.10.: Sotra VGS
Opplærings og kompetanseutvalet
Medlemsmøte FrP - 17.10.: Seminar om byutgreiing
- 18,.10.: Vigsel
Publisert 10.10.2025 14.08