Skogsvåg skule sprang skuleløp - «Løp for havet»

Tradisjon tru arrangerte Skogsvåg skule det årlege skuleløpet for FORUT og i år var temaet - «Løp for havet». Trass i kraftig vind (men før regnet), stilte heile skulen opp og sprang med stor innsats og godt humør. Elevane imponerte stort og fleire sprang seg inn til nye rekordar! 

Frå skuleløpet på Skogsvåg skule - Klikk for stort bileteFrå skuleløpet på Skogsvåg skule

Før startskotet var det felles oppvarming med rektor i spissen. Til tonane av den heilt eigne Løp-løp-songen vart både små og store klare for innsatsen som venta. Etter løpet var over, kom SPEKKI, skulen sin eigen maskot. Han hadde med seg bananar han hadde fått frå Rema 1000 i Skogsvåg. 

I år var temaet Løp for havet, som set fokus på plastforsøpling og korleis dette trugar livet i havet. Som UNESCO-skule arbeider Skogsvåg for globalt medborgarskap, berekraft og respekt for mangfald. Skuleløpet er eit tydeleg døme på korleis desse verdiane kan levast ut i praksis - gjennom fellesskap, fysisk aktivitet og solidaritet.

Alle elvane i amfiet - Klikk for stort bilete

No går vi inn i haustferien etter nokre fine veker og ein god start på skuleåret. Vi tek med oss gode opplevingar og ser fram til å møta resten av skuleåret med same engasjement og pågangsmot som vart resultatet på løpsdagen.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Tekst: Ingrid Bildøy Hestad, rektor
Foto: Skogsvåg skule