Små grep, stor skilnad: Slik styrkjer du den mentale helsa di

Verda er i endring – og ikkje nødvendigvis til det betre. Med krig og informasjonskamp, og økonomisk uro og teknologiske truslar, står vi midt i ei tid der tryggleik og tillit vert utfordra på alle nivå. Korleis skal vi navigera i eit hav av informasjon og inntrykk? 

Kommunepsykolog Stian Sørheim Espevoll    - Klikk for stort bileteKommunepsykolog Stian Sørheim Espevoll Privat

Møt opp og høyr foredrag v/ kommunepsykolog Stian Sørheim Espevoll: Slik styrkjer du den mentale helsa di onsdag 15. oktober kl. 15.00 på innbyggartorget og biblioteket på Straume (Sartor Storsenter).

Foredraget er gratis.

Dette foredraget tek deg med inn i vår tids mest aktuelle spørsmål – og gjev innsikt i korleis vi som samfunn og enkeltmenneske kan møta ei verd i ubalanse.

Undervegs lærer du nokre velkjende teknikkar for å handtera alle desse inntrykka: sortera tankar, skapa gode rutinar og styrkja den psykiske beredskapen din i ei krevjande tid.

Les meir om verdsdagen for psykisk helse.

Her er sjekklista for psykisk beredskap.