Frå framsyninga torsdag kveld.Frå leiinga i kommunen møtte Ordførar Tom Georg Indrevik, kommunedirektør Johnny Breivik og skulesjef Rune Golf.
Rektoren opplevde framsyninga torsdagskvelden som ein suksess der høgdepunkta stod i kø, heilt frå ein kom inn i foajeen der ein kunne kjøpa skikkelege gode gyros som Streetfood-gruppa hadde laga, til ein tre timar etter hadde fått sett eit breitt utval av kva som har gått føre seg den siste veka på Sund ungdomsskule.
- Det var dyktig band og vokalist, revygruppe som verkeleg baud på seg sjølv, golfspelarar, naturfagsentusiastar, turgåarar, kunstnarar (både med målekosten og synåla), idrettselevar og elevar som har fått leika og spelt, både digitalt og analogt, seier Anne Hufthammer.
Denne kvelden var det ei rekkje konkurransar, alt frå GeoGuessr til legotårnbygging og puttekonkurranse i golf. I tillegg fekk publikum høyra om elevar som har gleda og gløda i byen, i barnehagar og på eldreheimen og mange av gjestane på Panorama blei møtt i døra med eit kort med fine ord på.
Ei av gruppene selde eigenprodusert gresk mat (street food).På scenen losa dei to konferansierane, Alexandra og Vilte, tilhøyrarane trygt gjennom programmet og mange blei nok sjarmert av energien som gjekk gjennom salen når Aktiv-gruppa fekk alle med i ein flasmob til songen «Glow» av Madcon.
- Det er utruleg kjekt å sjå alt som har skjedd denne veka. Dei tilsette har vore veldig kreative og verkeleg stått på for at elevane skal ha ei fin veke. Elevane har fått prøvd å vera på lag, vera modige og gløda, og denne gløden ser me igjen når dei skin her på scenen, seier rektor Anne Hufthammer.
Stor aktivitet heile veka
Dagane før den store dagen med framsyning av prosjektet «Stolt ung stril – med glød» vart timeplanen lagt vekk. Elevane var klare for ei annleis og kreativ veke der dei skulle få utfalda seg, dyrka fellesskapet og verta kjende med nye elevar. Dei arbeidde med ei rekkje prosjekt/oppgåver fram til den store kvelden på Panorama på torsdag.
Elevane fekk setja opp prioriterte ønske om kva aktivitetsgruppe dei skulle vera med i. Mange elevar valde grupper som hadde aktivitetane utandørs. Andre hadde oppgåver og aktivititetar innandørs.
Turgruppe; Frå fjære til fjellVisjonen til Sund ungdomsskule er «Med røter i fjæra og retning mot framtida». Temaet for prosjektveka er ein av verdiane til Sund ungdomsskule, nemleg "Stolt ung stril - med glød". Verdiane er dei same som i leiingskompasset i Øygarden kommune, stolt, modig, på lag og med glød. I 2024 var prosjektveketemaet "På lag" og i 2023 "Modig".
- Vi ønskjer å visa fram kva elevane har gjort denne veka. Det handlar om å byggja karakter og danning, ikkje karakterar. I utgangspunktet var prosjektveka ei feiring av logoen og visjonen vår, men står no støtt på eigne bein og skal bidra til å skapa identitet og samhald, seier Anne Hufthammer som er rektor for dei 350 elevane på ungdomsskulen.
Målet var at årets tema «Med glød» skulle prega arbeidet alle dagane og sjølvsagt på det store fellesarrangementet torsdag kveld.
Elevane er glade for ei annleis veke
Måndag føremiddag besøkte vi skulen. I ei av gruppene, «Saum», møter vi mellom anna Amalie Tysdal Edvardsen (8. kl.).
Amalie Tysdal Edvardsen kryssar utmønsteret før ho startar boderinga.Med utgangspunkt i geriljabrodering, skulle elvane krysstingbrodera humoristiske formuleringar. Dei skal også brodera handlenett. Produkta skal aksjonerast ut.
- Eg likar å sy og syr av og til heime også. Akkurat no kryssar vi ut bokstavane på ark. Seinare syr vi etter mønsteret vi har teikna opp, seier Amalie.
Ho har sansen for at denne veka vert timeplanen og leksene lagt til side.
- Det er godt å gjera noko anna og verta kjend med elevar på tvers av klassetrinna, seier ho.
RevygruppaI eit anna klasserom er eit titals jenter på plass klar for oppgåva som er å levera tre-fire innslag på torsdagskvelden. Temaet er «Strilar som hissar seg opp over byfolk». Lærar Karina Hollup viser video frå ein av revyane til Glesnes Teaterlag.
- Det vert gøy å få folk til å le. Det er gøy med teater og gjera noko saman. Det er veldig kjekt å verta kjend med andre. Eg var på denne gruppa også i fjor, fortel elevane på denne gruppa.
- Er de nervøse og redde for å få sommarfuglar i magen når det nærmar seg?
- Ikkje no, men kanskje når vi skal i elden, seier ein av elevane.
Brettspel
På ei av den andre gruppene, «Brett og brikker» er elevane konsentrerte. Rundt eitt av borda sit tvillingane Anders og Simen Singdalhsen og Kristoffer Lohmann Hatletun og spelar Catan.

- Eg ville gjerne prøva noko nytt. Det er fascinerande med strategispel som dette, seier Anders Singdahlsen (til høgre på biletet).
- Dette er gøy. Eg var med på dette i fjor. I ei digital verd er dette eit godt alternativ, meiner Kristoffer.
Oppgåva for dei som deltok på «Legomasters» var å byggja ei kul kule. Det er slett ikkje så enkelt når vi veit at legobrikkene jamt over ikkje er runde i kantane. Lærarane understrekar at dei som viser kreativitet får ekstra poeng.
- I fjor var eg på gaming-gruppa. I år ville eg noko anna. Eg har mykje lego heime og brukte mykje tid på dette då eg var yngre. Dette er koseleg og kreativt. Det er fint med ei annleis veke som dette, seier Theo som kjenner dei to andre ved sida av seg frå før, seier Theom Benjaminsen (til høgre på biletet.

Mange aktørar har hjelpt til inn mot framsyninga på Panorama. Det gjeld ikkje minst FM-gruppen og Enhanced.
Sjå liste over eksterne aktørar som har bidrege til prosjektveka og framsyninga. (PDF, 34 kB)
Her er fleire bilete:
Tekst/redigering: Vigleik Brekke
Foto: Anne Hufthammer, Kristin Midttveit og Vigleik Brekke