
Hugs at fredag er siste dag for førehandsrøysting
Det strøymer folk til vallokala. Mange nytta høvet til å røysta på Sartor Storsenter då vi var innom røystelokalet måndag føremiddag.
- Eg oppmodar folk om å nytta røysteretten. Skal du røysta på førehand, må du gjera det innan fredag, seier leiar i valstyret, ordførar Tom Georg Indrevik.
Les meir.
Korleis røysta på valdagen
Måndag 8. september er det stortingsval. Som innbyggjar i kommunen kan du røysta ved kva som helst av dei 12 ulike vallokala våre mellom kl. 09.00 - 21.00.
Les meir her.
Flest ledige båtplassar nord og vest i Øygarden
I juni 2025 vart det gjennomført ei spørjeundersøking om småbåthamner i kommunen. Kartlegginga viser at det er stor variasjon i storleik på anlegga, men at majoriteten av anlegga har ein kapasitet på opp til 40 båtplassar. Kapasiteten er mest pressa i den sørlege delen av kommunen.
Les meir.
Stengjer brua til Langøyna i veke 37 og 38 om natta
På grunn av vedlikehaldsarbeid vert brua til Langøyna stengd om natta dei to komande vekene.
Les meir.
Opna jubileum med storstilt konsert
Den første veka i september er det fest for Hjelme gamle kyrkje som fyller 150 år. Det starta med opning av jubileumssti og ein nydeleg konsert i kyrkja sundag kveld.
- Kyrkjebygga rundt om i landet er ein viktig del av kulturarven vår og ein viktig berar av grunnbjelkane i samfunnet vårt, sa ordførar Tom Georg Indrevik då han i forkant av konserten opna jubileumsveka og kulturverndagane.
Les meir.
Etterlyste nynorsk og fekk respons straks
Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp veke etter står ho med heftet på nynorsk. Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har i ei nettsak skrive om initiativet frå læraren ved Sund ungdomsskule.
Les meir.
Telefonen ute av drift i tre timar
Mellom klokka 12 og om lag 15 fungerte ikkje telefoniløysinga til kommunen på grunn av tekniske problem.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (36)
- 01.09.: Interne møte
Besøk Home-Start - 02.09.: Transport og log-dag, Bergen Næringsråd
Møte med leiinga i Northern Light - 03.09.: AI for leiarar
Lunsj med Tertnes Holdning - 04.09.: Omvising seniorgruppe
- 06.09.: Draumemila, barnekraft arrangement på Straume
Natt i Naturen - 07.09.: Hjelme gamle kyrkje 150 år/opning Kulturverndagane
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (36)
- 01.09.: Mandag: interne møte
- 03.09.: Styremøte i det vestnorske teater
- 04.09.: Sotra VGS, stand
- 05.09.: Stand
- 06.09.: Stand - Sund IL
Natt i naturen
Varaordføraren neste veke (37)
- 08.09.: Møte med ordførar
- 09.09.: Nettmøte for kommunepolitikarar i Vestland
Dialog og status, møte med ordførar - 10.09.: Valstyret
Oppfølging CCB
Hjertestartarkurs hjå Nest Sotra - 11.09.: Førebu Sotra Kystby-samling
Førebu kommuneplanutvalet
Styremøte Bymuseet